Trass i sin unge alder har hjørungavågaren Anders Hüttner Pilskog (19) alt trena mange fotballspelarar som er eldre enn seg sjølv. – Alder er berre eit tal. Det handlar mest om kva ein kan bidra med av kunnskap, og det å vere ein god og tydeleg leiar, seier han.