Fredrik Aursnes. Fredrik Aursnes. Foto: Vebjørn Bjørkås

Aursnes tilbake for Hødd

Hødd har 0-8 i målskilnad på dei to siste seriekampane mot Bærum. Friskmelde Fredrik Aursnes og resten av Ulsteinvik-laget har mykje å bevise på Høddvoll i kveld.

Hødd gjekk på ein kjempesmell borte mot Bærum i seriekampen på Sandvika Stadion tidlegare i vår med 0-4-tap mot Roar Johansens lag. Med 0-4 også i seriekampen på Høddvoll i 19. serierunde i fjor, har Ulsteinvik-laget mykje å bevise mot Bærum.

I vinter vann Hødd overbevisande 2-0 i oppkøyringa på La Manga, og den gongen var det stor nivåskilnad på laga. Tabellmessig skil det no seks plasseringar mellom dei, men med siger til Bærum i dag vil dei vera berre eitt poeng bak Hødd.

Let Kristiansund styre

I forrige serierunde borte mot Kristiansund opna Hødd kampen bra dei første ti minuttane, og var meir aggressive og offensive enn heimelaget. Deretter tok Kristiansund heilt over, køyrde kampen inn til pause, og fekk med seg ei fullt fortent 2-0-leiing.

Etter pause var det eit heilt anna Hødd-lag på banen. Hadde dei vore litt meir heldige og dyktige i avslutningane, hadde dei fått med seg poeng frå kampen som til slutt enda 2-1 til KBK. Men andre omgang på Kristiansund Stadion var oppløftande for Hødds del, og viste at dei har trent godt i ferien.

Kallevåg på topp

Torbjørn Kallevåg kom inn som innbytar på den sentrale midtbanen til Hødd i 2. omgang mot Kristiansund, og leverte eit svært god kamp. Han var mannen som skaffa Hødd straffa som Eirik Ulland Andersen sette i mål, og var elles skapande og frisk for blåtrøyene.

No får han tillit frå start av Hødd-trenar Sindre Eid, som også kan glede seg over at Fredrik Aursnes endeleg er tilbake i startoppstillinga. Han tek plass på midtbanen saman med Ole Amund Sveen og Bendik Torset.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Fredrik Aursnes, Bendik Dybdal Torset – Eirik Ulland Andersen, Torbjørn Kallevåg, Magnus Myklebust

Benken : Ole-Monrad Alme, Joakim Wrele, Michael Karlsen, Vegard Heltne, Erik Sandal, Sondre Beite, Joachim Magnussen.