BLIR I HØDD: Fredrik Aursnes. BLIR I HØDD: Fredrik Aursnes. Foto: Svein Olav Humberset

Aursnes: - Eg blir i Hødd

Midtbanejuvelen vil ikkje flytte på seg no.

Fredrik Aursnes har i mange år vore ein attraktiv spelar for klubbar i eliteserien. I det siste har AaFK prøvd seg med fleire bod på 19-åringen, som seinast i dag blei avslått. No stadfestar Aursnes til Sunnmørsposten at han blir verande i Hødd ut sesongen.

— Ja, eg blir i Hødd. Vi har eit godt lag som kjemper om opprykk, og det er noko eg vil vere med på. Eg vil heller ikkje ta eit forhasta val rundt kva klubb eg skal gå til, seier midtbanejuvelen til smp.no.

Sjølv om det har vore mykje snakk om framtida til 19-åringen, let han seg ikkje påverke av det.

Ikkje påverka

— Eg synast det har gått heilt fint. Eg gløymer det rett etter eg har snakka med nokon om det, seier han.

Trenar Sindre Eid synast det er stort at han no blir verande.

— Det er viktig at han no har gitt oss beskjed om at han blir. Fredrik er ein fantastisk profesjonell gut, som har takla dette særs godt, seier han.

- Krigekamp

19-åringen frå Hareid var ein av Hødds beste i kveldens 1-0-siger over Jerv.

— Det blei ein krigekamp for vår del, men eg synast Jerv er eit bra lag. Det var utruleg kjekt å vinne når eg høyrde dei ikkje har tapt heime på lenge, seier Aursnes.

Hødd spelte ein taktisk perfekt bortekamp.

— Vi spelte slik Åsane gjorde mot oss sist, men det er ikkje opp til oss å underhalde på bortebane, seier han.