Arve (57) bruker nær 2000 timar i året på idretten. No blir han heidra med Sunnmørsposten sin idrettspris

For alle som kjenner ham er Arve Hatløy og friidrett synonym. I fleire år har han brukt all si fritid på å vere trenar, noko som til slutt resulterte i eit OL-gull.

PRISVINNAR: Sunnmørspostens idrettspris 2021, Arve Hatløy.   Foto: MARIUS SIMENSEN / Sunnmørsposten

Sport

(smp.no:) Heilt sidan 1987 har Hatløy vore trenar i friidrettsklubben Dimna. Frå 1990 anslår Hatløy at han har brukt mellom 1500 og 2000 timar kvart år på trenargjerninga. Det har vore med på å gje Dimna fleire nasjonale medaljar, og etter kvart internasjonale medaljar som Karsten Warholm har tatt for Dimna. Friidretten betyr mykje for Hatløy.