KORTREIST

Kreefiske i barndommens elv

Eg måtte tilbake til elva der eg fiska kree som barn. Helge på Hauå og Jan Erik sø i Myrå vart med på turen.
Pluss +

Ferdaminne frå sumaren 1960: Eit lite spisstelt på ei grasslette ved Rekdalssetra, ein steinring til bål for matlaging og stemningsskaping, vattsoveposar, filleryer som liggeunderlag, fiskestenger av bambus kjøpt hos han onkel Olav på Bua. Slik var det. Eg hugsar tilbake til nokre sommardagar for god og vel 50 år sidan. Ute i villmarka på eiga hand saman med søskenbarn og nabo Oddvar.