Vårleg vinter i februar

Eit stykke ut på vinteren kjem våren innom på vitjing. Sjøen ligg spak, og sola får tak. Snø og is fer dit dei kom frå.
Reportasje

Vi er ute i øyane, og tittelen på reportasjen kunne like godt vore «Kjærleikens ferjereise». Når vêret er fint og reisa går utasunds med ei cruiseferje som «Kvaløy», er det lett å kome i vårstemning.