Moldebedrift med ny reinseteknologi for farleg avfall l Elvestuen opnar OiWs pilotanlegg

Vil krympe deponibehov

Fleire avfallsanlegg ønsker å vere først ut med OiWs metode for reinsing av flygeaske. Klimaministeren opnar no bedriftas pilotprosjekt, og snart kan det bli testing i full skala.

Molde og Porsgrunn: Dagleg leiar ved Porsgrunn-avdelinga Susan Heldal og styreleiar Albert Buer (t.h.) var tidlegare denne veka i Molde. Bak dagleg leiar ved Molde-avdelinga, Jan Gregor Høydahl Sørli. Desse tre starta opp bedrifta.  Foto: BJØRN BRUNVOLL

Pluss +

MOLDE / PORSGRUNN: – Vårt mål er å kunne reinse og gjenbruke farleg avfall, og dermed redusere behovet for deponi. Med teknologien som no er klar for utprøving, meiner vi dette vil kunne bli ein realitet i løpet av kort tid, seier Jan Gregor Høydahl Sørli, leiar for moldeavdelinga ved Oiw Process AS.