AUKRA: I år er det fjerde år på rad at drakefestivalen vert arrangert på Røaleira på Aukra. Komande helg blir det drakar for alle pengane, med instruktørkurs på fredag, drakeverkstad på Falkhytten på laurdag og drakeflyging på Røaleira på søndag.

- Drakemeister Sveinung Dybvik kjem også i år på besøk for å dele kompetansen og erfaringane sine. Han har vore fast inventar gjennom alle åra drakefestivalen har eksistert, og tek gjerne fineveret med seg frå Sola, fortel Aud Lisbeth Lillebostad.

Gode erfaringar

Som leiar både for Eining for Integrering og Innvandring i Aukra kommune og Røabukta Velforening, slår ho to fluger i ein smekk når begge organisasjonane går saman og arrangerer årets drakefestival.

– Vi hadde så gode erfaringar med fjorårets arrangement at vi trør til igjen. Då vart det laga 120 drakar på verkstaden på laurdag, og nærare 500 personar i alle aldrar møtte opp på festivalen på Røaleira på søndag.

– Vermeldingane er ikkje så bra enda, men vi har hatt fint ver alle åra tidlegare, så vi håper på godvilje frå oven også i år, seier Lillebostad.

For alle aldrar

Med fullt program tre dagar til ende, skal det vere mulig for den som vil å bli med på enden heile eller delar av festivalen på Gossen.

– Fredag vert det kursing av drakeinstruktørar på Aukra Frivilligsentral, laurdag vert det kurs i drakebygging for store og små same stad. Vi startar kl 11, med nytt kurs kvar heile time fram til kl 14. Søndag samlast store og små på Røaleira frå kl 11 for å flyge drakar eller sjå. Skulle ein bli bitt av basillen, men manglar drake, så kan ein få kjøpe .

– Dette er ein festival som passar for entusiastar i alle aldrar. Røabukta velforening vil stå for sal av kaker, kaffi og andre forfriskningar. Her blir det noko for alle aldrar, så ta gjerne med heile familien og kom, oppmodar Aud Lisbeth Lillebostad.

Saman med Eining for Innvandring og Integrering og Røabukta Velforening inviterer leiar i begge organisasjonane, Aud Lisbeth Lillebostad, nok ein gong til drakeflyging og truleg Aukras størst kakebord når den fjerde Drakefestivalen i rekka går av stabelen til helga. Foto: Gunn E. Aarønes / Arkivfoto