Denne artikkelen handlar litt om mat, men mest om språk, om tonegangen i visse ord. Dei tre tinga i overskrifta er alle ein type mat, noko etande. Lydleg sett har dei òg noko felles, dei har ein annan tonegang i uttalen enn ord som ikkje har med mat å gjere. «Rundstykke», «flatbrød» og «blåbær» blir uttalte med ein annan tonegang enn andre liknande samansetningar, eksempelvis «rundreise», «flatskjerm» og «blålys». Høyrer du forskjellen?

Utgangspunktet for denne saka er at ein redaktør i den store Norsk Ordbok arbeidde med ord som begynner på «rund-», og då kom til at ho ville ha med uttaleopplysningar for det eine ordet «rundstykke», fordi det har ein uvanleg uttale. Generelt blir samansette ord med adjektiv på éi staving som førsteledd uttalte med tonelag 2, som i «rundreise», «rundpinne» og «rundkøyring». «Rundstykke» skil seg ut, det blir uttalt med tonelag 1, og det har ordbokredaktøren, Ellen Hellebostad Toft, skrive ein artikkel om («Om samansetjingar med rund- som føreledd: Nokre refleksjonar rundt uttalen av ordet rundstykke. I: Karlsen, Knut E. ofl. red.: I teneste for nynorsken. Heidersskrift til Olaf Almenningen 70 år. Novus forlag 2017).

I norsk blir ord med to stavingar og trykk på første stavinga uttalte anten med tonelag 1 eller tonelag 2, òg kalla tonem 1 og 2. Ein illustrasjon: På himmelen ser vi «sola» (tonelag 1), mens flyplassen «Sola» (med tonelag 2) ligg i Rogaland. Eit anna motsetningspar er «lammet» – «(å) lamme». Namn som «Osen», «Stranda» og «Sekken» har tonelag 1, «Molde» og «Fræna» tonelag 2.

Det er ikkje berre «rundstykke» det er noko spesielt med, den uventa tonegangen ser ut til å gjelde ei gruppe ord for det som er etande og drikkande, fann Toft ut. «Flatbrød» er eit slikt ord. Også dette ordet er det gjengs å uttale det med tonelag 1, og dermed annleis enn andre samansetningar på «flat-», som «flatskjerm» og «flatseng».

Kva så med andre adjektiv, korleis blir orda då? «Lettmjølk», «surmjølk» og «sursild» vil eg òg seie har tonelag 1, likeins «tørrfisk» og «tørrmat», og «råkost». «Råmjølk» er eg ikkje heilt sikker på tonelaget til, kanskje fordi det er sjeldan kost no! Tonelaget følgjer med om ein hektar på ledd på slutten: sursildkrukke, tørrfiskvrakar, råkostjern, råmjølkspudding.

Fargeadjektiv på éi staving har vi i ordet for mange matslag. «Gul-» har vi i «gulrot» og «gulost», men i desse to orda vil eg ikkje bruke tonelag 1, men tonelag 2, kanskje litt uventa? Dei har altså same tonelaget som ord som ikkje har med mat å gjere, som «gulfarge» og «gulsporv».

«Grøn-» har vi i «grønsaker» og «grønkål», og der har vi utan tvil tonelag 1, ulikt t.d. «grønsåpe» og «grønsisik».

«Raud-» (og «rød-») i «raudkål», «raudbete» og «raudvin» gjev like sikkert tonelag 1. Dei skil seg dermed frå alle andre samansetningar som ikkje har med mat å gjere, som «raudruss» og «raudstrupe». «Raudspette» er ein matfisk, uttalt med tonelag 2.

Parallelt med «raudvin» har vi «kvitvin», også med tonelag 1. Det same har «kvitløk», men ikkje «kvitost» (eller «kvitbok», «kvitskjorte», «kvitvaske» osb.).

«Blåbær» har tonelag 1, og «blåskjel», som òg kan vere god mat. Tonegangen er derfor her òg ulik den storparten av samansetningane på «blå-» har, som «blålys», «blåkveite», «blårev», «blåmerke» osb. Men når det gjeld ord med «blå-», har fleire enn dei som har med mat å gjere, tonelag 1. Eg tenkjer på nokre andre planter enn blåbær, nemleg «blåklokke», «blåveis», «blåknapp» ofl. I tillegg har vi fuglen «blåmeis» (under tvil!) – og «blåpapir»!

«Grågås» – men ikkje «gråhegre» – har tonelag 1. Ved nærare ettertanke har eg funne ut at «gråbein», «gråpapir» og «gråstein» følgjer «grågås», likeins fargenyansar som «gråblå» og «gråbrun». Derimot følgjer «gråsone» og «grålysning» hovudmønsteret med tonelag 2.

Ei rundspørjing blant fleire personar ville truleg ha gjeve eit litt anna resultat enn det eg har notert her. Eg har berre vurdert tonelaget ut frå min eigen morsmålsintuisjon med bakgrunn i talemål frå Romsdal, i tillegg til den omtalte artikkelen om «rundstykke». Det kan vere skilnader ut frå geografi og alder. Det er heller ikkje alle område i landet som har tonelagsskilje mellom tonelag 1 og 2.

Korleis forklarer så Toft – og andre språkvitarar – at akkurat desse orda for etande og drikkande objekt har fått avvikande tonelag? Det dreier seg om svært vanlege, godt innarbeidde ord, som «rundstykke», med «frekvent, kvardagsleg bruk i alle lag av folket over lang tid» (Toft s. 178).

Som eg nemnde ovanfor, har matorda fått følgje av nokre få andre ord, særleg plante- og dyrenamn, men berre velkjende slike. Ord som «alle» kjenner og bruker ofte, kan utvikle seg litt annleis i uttalen enn ord som ikkje er fullt så vanlege. Dermed blir det eit litt finurleg uttalemønster av ord som begynner med visse adjektiv, blant anna fargeadjektiv.

Det seier seg sjølv at slike små finessar i uttalen kan vere vanskeleg å oppfatte og lære for dei som skal tileigne seg norsk i vaksen alder.

Marit Hovdenak er frå Hovdenakken og er seniorrådgjevar i Språkrådet.