(driva.no): Nesset kommune har i 25 år hatt ein leigeavtale med Opplysningsvesenets fond (OVF) om bruk av prestegarden. Kommunen har hatt avtale med Romsdalsmuseet om drifta der Bjørn Ølander i fleire år har hatt den daglege styringa. Det har vore ei ordning som har fungert godt.

I fjor bestemte fondet seg for at prestegarden ikkje lenger skal vere prestebustad. Dei fekk sett opp ein ny bustad i Eidsvåg sentrum til ein kostnad på rundt seks millionar kroner.

Fondet snudde

Fondet ønska i ettertid å få på plass ein leigeavtale med kommunen om den vidare drifta av prestegarden. Partane var komne langt i forhandlingane da det i desember i fjor kom signal om at fondet likevel ønska å selje prestegarden.

Orienterte kommunestyret

Ola Tjelle er leiar i brukarstyret for Nesset prestegard og har leia forhandlingsutvalet som har hatt fleire møte med representantar frå Opplysningsvesenets fond. Med seg i utvalet har han nessetordførar Rolf Jonas Hurlen, Bjørn Ølander, styreleiar for Romsdalsmuseet, Anders Tallerås og museumsdirektør Jarle Sanden.

Tjelle var nyleg i kommunestyret der han orienterte politikarane om situasjonen for prestegarden.

– Den viktigaste årsaka til at fondet vil selje og ikkje leige ut prestegarden, er opphevinga av buplikta. Dei sit med rundt 400 eigedomar rundt om i landet. Fondet ønskjer no å selje, men vil ha ein finger med i spelet for mellom anna sikre at prestegardshistoria blir tatt vare på.

Det har og vore snakk om å få til ein stiftelse som kan eige prestegarden. Fylkeskommunen ønskjer ikkje det. Dei meiner Romsdalsmuseet – som alt er ein stiftelse – har vist at dei er sitt ansvar bevisst når det gjeld prestegarden og at fylkeskommunen ikkje har noko imot at museet tek over.

Det har så langt ikkje vore snakka konkret om pris for overtakinga, men Tjelle viste til ein takst der tunet medrekna alle bygningane kom på 6,7 millionar kroner. Hovudhuset åleine v art taksert til 2,4 millionar.

Fondet ønskjer ikkje å selje Prestneset. Dei ønskjer og å framleis eige skogen på eigedomen. Museet kan få leige dyrkajorda svært rimeleg under forutsetnad av at den blir halde i hevd.

Etterslep på vedlikehald

Tjelle anslår at det må fleire millionar kroner til i vedlikehald på dei mange bygningane. Her er det håp om tilskot frå fylkeskommunen, men både kommunen og Romsdalsmuseet må truleg og inn med midlar. Hovudhuset er verst stilt der det hastar mest med å få lagt nytt tak.

Romsdalsmuseet er ivrige etter å få kome i gang med å utvikle prestegarden. Det har vore snakk om å etablere eit litteraturmuseeum «frå Bjørnson til Nesbø».

Folkehøgskule?

Toril Melheim Strand (Ap) og Arild Svensli (H) meinte det hadde vore best om museet fekk overta heile eigedomen.

– Det er ei skam slik skogen blir drive i dag, sa Svensli. Toril Melheim Strand meiner prestegarden kan vere ei flott stad å etablere folkehøgskule. Kommunen har ikkje avtale om å få bruke tomme bygningar i Eresfjord lenger.

Ola Tjelle meinte Romsdalsmuseet er ikkje er klare til å ta over heile eigedomen no.

Ordførar Rolf Jonas Hurlen konkluderte med at den beste løysinga er at Romsdalsmuseet tek over tunet og bygningane.

–Det er viktig å ha prestegarden med inn i den nye kommunen. Dette blir ei god løysing for området vårt, fastslo Hurlen.

Denne saka var først publisert i Driva.