Havblikk går av stabelen førstkommande torsdag, med overskrifta «Kystsamfunnets siste dans? Fisker, kapital og storsamfunn».

Endring

– Vi vil belyse endringar av rammeverk som no er på gang, og sjå på kva effekt det vil ha for fiskerinæringa både på sjø og land, seier Are Berset i arrangørgruppa. Det er som tidlegare fiskerinæringa i Midsund og Midsund kommune som arrangerer konferansen.  Eindagskonferanse – Vi reknar også i år med opp mot 100 deltakarar på konferansen, seier Berset.

Han opplyser at konferansen som før vil finne stad på Midsund skule, men at den i år vil bli avvikla på ein dag.

– Tidlegare har vi hatt program over to halve dagar, men legg om til ein enklare og meir effektiv variant i år. Men programmet er like innhaldsrikt, poengterer Berset.

Ressursrente

– Sentralt vert begrepet grunnrente eller ressursrente, som ein har innan olje og vasskraft, og som kan bli innført for oppdrett og eventuelt fiskeria. Det handlar om korleis fellesskapets ressursar skal forvaltast, og kva ordningar ein har for å vareta både dette og næringa, seier Berset.

Hasard med sysselsetting?

I år som i fjor deltek Ola Honningdal Grytten, professor ved Norges Handelshøyskole, med innlegg og som ordstyrar.

Han held første innlegg «Hva er effekten av å innføre grunnrenteskatt i fiskeri- og havbruksnæringen». Han stiller spørsmål om ein risikerer å spele hasard med sysselsetting og verdiskaping i kystsamfunna, om kystsamfunna vert ofra når petroleumsinntektene fell og statsbudsjettet må dekkast inn ved nye avgifter.

– Kan ein ny skatt føre til slutten på aktive, lokale eigarskap, og vil grunnrenteskatt føre til utflagging av norsk fiskeri og havbruk? Har vi råd til å gjere feil når kystsamfunnas berekraft står på spel, spør Grytten.

Politisk kompetanse?

«Har Stortinget kompetanse til å foreta de rette valgene for norsk fiskeri», er tittel på innlegget til nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe. Han vil også samalikne med landbruksnæringa.

Midsundreiar

Olav Sjøvik, dagleg leiar for Sjøvik AS i Midsund, innleiar med «Har vi tatt for mye hensyn til vernet av den aktive fiskeren».

– Har vernet av det aktive fisket gått på bekostning av profesjonalisering av rederidrifta? Er norsk fiskeri i ferd med å miste konkurransekrafta, og er konsolidering av eigarskap nødvendig for å utvikle norsk eigarskap i et berekraftig perspektiv – dette er mellom momenta hans.

Debatt

På programmet står også representantar for bank og havrett, og ordførar i Bø kommune i Vesterålen – der lofottorsk blir landa. Ein islandsk gjest er også aktuell, kven det blir er enn så lenge uavklart. Konferansen vert også i år avslutta med paneldebatt.

– Meir samhandling?

– Vi meiner dette vert ein viktig og interessant konferanse. Fiskerinæringa har ikkje hatt tradisjon for å snakke med ei stemme, men kanskje taper ein på denne mangelen på samhandling. Dette er sentralt å ta opp, seier Berset.