(Smp.no) Fylkesrådmannen anbefaler at anbodskonkurransen om Nordøyvegen blir skrinlagt snarast. Første anledning blir i fylkesutvalet på måndag. Han peikar på entreprenøren sitt behov for at dette ikkje dreg i langdrag.

Entreprenøren treng «å få frigitt låst mannskap og materiell snarast råd dersom arbeida i K5-anbodet ikkje kjem til utføring», skriv fylkesrådmannen i tilrådinga.

Prosjektsjef Are Eliassen i Skanska, som vann konkurransen, svarer til Sunnmørsposten at dei ikkje har hastverk. – Vi har ikkje bråhast med å få dette avklart, seier Eliassen. – Det vil vere underleg om fylket ikkje køyrer løpet med finansieringsløysing først, held han fram.

Overfor Vegvesenet har Skanska ein såkalla vedståingsfrist 1. november. Denne fristen er absolutt flyttbar, uttrykker han. – Dersom Vegvesenet spør oss om utsetjing, kjem vi til å svare ja, seier Eliassen før han legg til:

– Eg har i dag (søndag) sendt eit brev til Statens vegvesen om dette. I brevet ber eg om at dette blir vidareformidla til fylkesrådmannen og medlemmene i fylkesutvalet før møtet i morgon.

Det som i staden kan vere ei utfordring, er Vegvesenet sitt behov for at dette ikkje dreg i langdrag. Dersom det blir usikkerheit, kan det også bli fråfall i prosjektorganisasjonen, skriv dei i eit notat til fylket. Til Sunnmørsposten skriv prosjektleiar Marianne Nærø dette:

– Det jobbar mange med høg kompetanse som er attraktive i arbeidsmarknaden i prosjektorganisasjonen. Vi forstår at Nordøyvegen skal behandlast i fylkestinget i oktober, og eg meiner vi skal klare å halde på fagfolka fram til då.

– Ei rekke spørsmål skal avklarast

Fram til då er det ei rekke spørsmål rundt milliardprosjektet som fylkesrådmann Guttelvik har fått beskjed om å greie ut. Dette er nokre av dei viktigaste:

  • Kan det bli gitt 40 års bompengeperiode for Nordøyvegen, og kva vil det bety i auka inntekter? Svaret frå Guttelvik så langt er at Stortinget i kommuneøkonomiproposisjonen har gjort eit prinsippvedtak som opnar for forlenging av bompengeperioden til prosjekt som i motsett fall ikkje ville kunne realiserast. Fylkesrådmannen har tatt skritt til å få avklart om Nordøyvegprosjektet vil kunne få 40-års bompengeperiode.

  • Er det mogleg å legge inn underskott/tilskott til hurtigbåttilbodet som delfinansiering av prosjektet på same måte som ferjeavløysingsordninga? Fylkesrådmannen skriv at han i brev datert 26. juni har reist dette spørsmålet overfor Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet.

  • Kan kommunar eller næringslivet sikre auka inntekter til finansiering av prosjektet? Frå før er det kjend at Haram kommune, Sandøy kommune og nye Ålesund har lova til saman fleire hundre millionar kroner i tilskot.

  • Huse-familien i Sandøy har lova 15 mill. i gåve. Og Huse og Rostein har kome med eit tilbod for å avlaste fylkeskommunen si lånegjeld. Her svarer fylkesrådmannen at det må ligge føre bindande vedtak i løpet av august.

  • Kan Staten bidra med ekstra midlar til prosjektet? Fylkesrådmannen skriv at han vil søke dette avklart med Samferdselsdepartementet.

  • Kan prosjektet reduserast – eventuelt at delar av prosjektet vert utsett? Kva vil kostnadene med å avslutte prosjektet vere? Og kva er kostnadene med ferjedrift i framtida?

Særleg dette siste har leiaren i plannemnd for samferdselsutbygging, Frank Sve, lagt stor vekt på. Ei høgst uoffisiell skisse i Sunnmørsposten antydar at dei reine utgiftene til Nordøy-ferjene kjem til å bli 100 millionar kroner i året. På 40 år blir det fire milliardar kroner, ikkje så veldig langt unna det Nordøyvegen vil koste sjølv med anbodssjokket som fylket har fått.

Fryktar 1,4 milliardar over kostnadsramma

Fylkesrådmann Guttelvik legg på si side vekt på den kraftige kostnadsauken for Nordøyveg-prosjektet. Skanska sitt vinnaranbod vil koste 3,0 milliardar kroner før moms. Her hadde Vegvesenet i utgangspunktet rekna med 2,0 milliardar kroner med ei usikkerheit på ti prosent. Når momsen er rekna med, blir tilbodet frå Skanska heile 1,2 milliardar kroner dyrare enn berekna, understrekar han.

Dette anbodssjokket gjer at fylkesrådmannen trur elektroarbeidet vil koste 300 mill. kroner, ikkje 200 millionar. Og posten usikkerheit i prosjektet hevar han frå 335 mill. til 424 mill. Dermed blir avviket heile 1,4 milliardar kroner.

Og det er før rentene. Dei er stipulert til 216 millionar kroner.

Svarer Frank Sve

Fylkesrådmannen svarer også på kritikken frå Frank Sve (Frp) om at han ikkje ønskjer å gjere jobben sin.

– Fylkesrådmannen beklagar at det ikkje har vore mogleg å ferdigstille saksframlegget tidlegare. Ein har, både i Statens vegvesen og fylkeskommunen sin administrasjon, lagt ned store ressursar i eit omfattande og strukturert arbeid med å trengje inn i og analysere mottatte tilbod, og freiste å få klarleik i årsakene til avviket mellom fastsette rammer og konsekvensane av tilbodsprisane. Vi finn i denne samanheng grunn til å peike på at eit oppsummerande notat frå SVV vart ferdigstilt 27. juni.

I sakspapira kjem det også fram meir om kvifor Skanska vann sjølv om dei er nest dyrast. Ein av grunnane er at dei kan ferdigstille Nordøyvegen eit år før fristen i januar 2023.

Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.