Kommunestyret er uroa over at det er vanskar med å skaffe undervisningspersonell med godkjent utdanning til Tresfjord. Med berre 24 elevar kommande skuleår er kommunestyret som arbeidsgivar også opptatt av å sikre eit forsvarleg sosialt miljø for elevane, står det i vedtaket.

Ventar på vedtak

– No får vi berre vente og sjå kva som skjer vidare, seier rektor Inger Marie Urkedal ved Tresfjord skule til Romsdals Budstikke. Då vi var innom skulen i Tresfjord fredag ettermiddag, var det siste dag før ferien for lærarane. Elevane hadde sin siste dag torsdag. No kan dei oppleve å måtte bytte skule midt i skuleåret.

Saka var oppe i Vestnes kommunestyre torsdag kveld, der vedtaket var i samsvar med innstillinga frå eit nedsett skuleutval.

Todelt skule

Ved skulestart til hausten vil Tresfjord skule med elevar frå første til og med sjuande klasse vere todelt. I sjuande klasse er det berre ein elev.

På denne bakgrunnen vart det vedtatt å gjennomføre ei høyring, der folk kan ta stilling til om elevane i Tresfjord skal overførast til Vestnes frå 1. januar 2019. Kommunestyret ber samstundes om at det nedsette skuleutvalet skal komme med si innstilling om framtidig skulestruktur i Vestnes før årsskiftet.

Frist 15. september

– Saka vil bli lagt ut på høyring med det første, fristen for å komme med kommentarar og innspel går ut 15. september. Deretter vil saka gå vidare til kommunestyret for endeleg vedtak, opplyser varaordførar Randi Bergundhaugen til Romsdals Budstikke.

Under avstemminga delte Senterpartiet seg, vedtaket vart fatta med 20 mot tre Sp-stemmer.

Barnehagen blir i Tresfjord

I Tresfjord oppvekstsenter er det i dag både skule og barnehage. Sjølv det blir vedtatt å flytte skuleelevane til Vestnes, vil drifta av den kommunale barnehagen halde fram som før.

På det meste var det fire skulekrinsar i gamle Tresfjord kommune. Dagens Tresfjord skule fekk eit flott tilbygg, som vart innvigd i 2003. På det meste har det vore over 170 elevar ved skulen, før ungdomssteget vart flytta til Vestnes. No kan resten komme etter.

Rektor Inger Marie Urkedal seier ho ventar på resultatet av den politiske behandlinga av saka. Foto: Olav Skjegstad
Elevtalet i Tresfjord skule var oppe i bortimot 200 på det meste. Foto: Olav Skjegstad