SANDØY: Det seier Ole Knobelauch (12). Han og tvillingsøstra Linn Mari er dei einaste borna som bur på Sandøya.

– I Molde reiser dei fleste på tur andre stader i helgene. Jonas, bestekameraten min i Molde, for eksempel, har hytte på Ona, så han treff eg ofte, seier Ole.

– Vi flytta frå Molde og hit til Sandøya då vi var sju år, men først budde vi eit par år i Elnesvågen, seier Linn Mari og Ole. Dei snakkar nærast synkront når iveren etter å fortelje om Sandøya tek over.

– Jo, her er det masse flott natur, og lite forureining, – og frisk havluft. I Molde høyrde vi biler heile tida, fortel dei to på klingande Moldedialekt.

Vi treff dei to på terrassen i hagen saman med mor Tove Mari.

– Det var slik at vi var på Sandøya nokre gongar før vi flytta utover. Når vi var her ute ville ikkje tvillingane reise heim igjen til Molde. Sånn sett var det ikkje så vanskeleg når vi endeleg bestemte oss for å flytte, seier ho.

– Vi er også mykje i Molde for å besøke mormor. Då går vi på kino – og litt shopping også, legg Tove Mari til.

Skule på Harøya

– Her på Sandøya er det ikkje skule, så vi reiser kvar dag over til Harøya med ferja. Det er berre ein kort ferjetur, så det er ikkje problem. Vi kjenner mannskapet på ferja veldig godt, så det er berre kjekt å ta ferja. I sjette klasse på Harøya er vi 12 gutar og åtte jenter. Det er ein passe stor klasse. Der også heiter bestekameraten min Jonas, fortel Ole. Så tenker han seg litt om;

– Ja, også Trym, Sivert – eigentleg alle saman er vi kameratar. Det er eit godt samhald i klassen, seier han. Søstera er einig.

– Det er ikkje ofte vi blir over med venner på Harøya, eller at nokon blir med heim etter skuletid. Ferjeavgangane er for kronglete til det, men vi kjeder oss ikkje, seier Linn Mari.

Kulturskulen

I kulturskulen går dei to på song med Robert Coates.

– Og til hausten har vi meldt oss på pianolære, seier Linn Mari. Begge har vore innom skulekorpset der Ole har spela på både althorn og tuba.

– For meg vart det berre althorn. Tubaen vart litt for stor, fortel Linn Mari.

– Kva med idrett?

– Eg spelar handball på Gossen – nyleg begynt då, men skal trene meir til hausten, er Linn Mari sitt kjappe svar. Ole går og ventar på klatreveggen som skal settast opp i I. P. Husehallen på Harøya.

– Fotball er ikkje noko for oss, meiner dei to.

Mykje å gjere på på Sandøya.

– Men vi har høner, sauer, ein katt og ein gris. Grisen har forresten huset sitt bak terrassen her. Ja, og så hjelper eg mamma på Handelslaget om laurdagane. Då får eg stå i kassa, og det er veldig kjekt seier Ole.

– Og eg brukar å vere i kaffikroken for å hjelpe til med vaffelsteikinga, smett Linn Mari inn.

– Eg likar veldig godt å stå på butikk, seier Ole.

– I fjor når der var så mykje folk på badestranda her ute hadde eg tankar om å kjøpe ei pølsebod der eg kunne selje brus, pølser og is, men det vart berre med tanken, smiler han.

– Eg prøvde meg med eit brev til han Røkke om støtte til ei pølsebod, men der blei eg brutalt skuffa, ler Ole godt.

– Eg høyrde ikkje noko frå den karen, seier han og ler endå meir.

På Sandøya møtte vi mor Tove Mari Knobelauch og dei 12 år gamle tvillingane Linn Mari og Ole. Foto: Svein Ove Søholt