(Smp.no): Tidsrommet for rettssaka mellom Stig Remøy og Kjell Inge Røkke blir 20. til 24. august. Det viser ein oversikt hos Norges Domstoler.

Striden står om den patenterte krillfabrikken om bord. Røkke fekk hand om trålaren då den var på tvangssal i fjor. Røkke meiner at han også kjøpte krillpatenta. Stig Remøy har svart at desse patenta ikkje er eigd av det konkursramma selskapet Emerald Fishing men av selskapet Rimfrost Technologies. Remøy varsla i fjor rettssak dersom nokon bryt deira patentrettar.

For tida er «Juvel» i havområdet utanfor Uruguay og Argentina, ifølgje nettstaden Marine Traffic. Generelt er det billegare å vere ute i havet enn å ligge ved kai dersom det til dømes blir gjort testar, vedlikehald eller reparasjonar om bord. Krillfelta som det blir tråla i er uansett lenger sør, i Sørishavet.

Aker har meint at tvistesaka må førast for Oslo tingrett. Borgarting lagmannsrett var uenig, og meiner at rett lovforståing er lagt til grunn då saka vart overført til Søre Sunnmøre tingrett i fjor.

Begge partar står oppført med to advokatar i tvistesaka.

Denne saka ble først publisert av Sunnmørsposten.

Stig Remøy. Foto: Smp.no