Eller kva med ein taresjokolade til kaffien?

I sjøbua på Myklebust på Harøya møter vi sambuarparet Renate Bøe (23 år) frå Måløya og Joar Vasstein (27 år). Joar har trakka sine barnesko på Myklebust. No har dei to nettopp kome i land med ein stor stamp med sukkertare.

– Nisjeprodukta som du nemner er litt sære kanskje, ler dei, men potensialet er der. I alle fall ønsker sambuarparet at tare skal bli eit populært sjømatprodukt i den norske og internasjonale marknaden.

Saman har dei klekt ut ein idé om nettopp det; at vi i langt større grad skal ta i bruk sukkertare og butare til menneskemat. Det er både sunt og godt, slår dei to fast.

Dei fleste av oss har smakt og ete sushi der tare er ein del av ingrediensane. I Asia er makroalger ein viktig del av kosthaldet. Nord-Amerika og Europa har kome etter, og som ein kuriositet, blir det i Danmark brukt makroalger som tilsetning i øl og akevitt.

Idéen er veldig god

For å kome i gong har Renate og Joar under selskapsnamnet Seaforest AS brukt mykje tid for å få på plass ein konsesjon på eit dyrkingsområde. Denne er no i boks. Konsesjonen på 100 dekar er lokalisert ved Sponvikflua på austsida av Harøya.

Dei vil skape alliansar med andre som driv med liknande aktivitetar. Mellom anna har dei eit godt samarbeid med Leidulf Longva ved Gjendemsjø Seafood i Brattvåg. Vidare har dei etablert eit formalisert samarbeid med Green Cycle frå Giske og Tango Seaweed frå Fosnavåg. Samarbeidet har dei kalla «Alliansen Seaweed».

I fjor melde alliansen seg på Sparebanken Møre sin konkurranse «Engasjert» der idéane og samarbeidet oppnådde ein delt 2.-plass og kr 200.000,- i premiepengar. Dette var ein konkurranse der om lag 200 gründerar deltok. Premiepengane kjem godt med i utviklinga av selskapet.

Artikkelen fortset etter bilde.

SUKKERTARE: Renate Bøe og Joar Vasstein har tatt opp nydyrka sukkertare og som er klar for vidareforedling. Her frå kaia på Myklebust. Foto: Svein Ove Søholt

Oljekrisa er bakgrunnen

Joar Vasstein er utdanna maskinist og er tilsett i Solstad Farstad. Då oljekrisa tok tak i oss vart dette ein veldig utsett arbeidsplass. For 1,5 år sidan måtte reiarlaget nedbemanne og Joar vart oppsagt. Tankane svirra rundt. Kva no?

Kanskje starte med noko nytt og naturleg som tareproduksjon? Det passa også godt at sambuaren Renate er under utdanning og har tatt ein bachelor i biomarin innovasjon. No studerer ho Marin Kystutvikling ved NTNU i Trondheim og spesialiserer seg på oppdrett av tare. Ho har eitt år igjen i Trondheim før ho kan avlegge masteroppgåve på området.

– Studia har liksom utvikla seg i takt med gründertankane seier ho.

Stor merksemd

Idéane som Renate og Joar arbeider med har fått stor merksemd frå potensielle kundar.

– Alt no er det etablert mange kontaktar i Norge. Internasjonale selskap har vi også hatt kontakt med, og som viser stor interesse, fortel dei.

Sjølv om Joar Vasstein har kome i jobb igjen som offshoremaskinist er tarespiren alt sådd. Den gror vidare.

Testing av konsesjonsområdet

Seaforest AS er godt i gong med testing av konsesjonen. I haust henta dei morplanter av sukkertare frå området. I laboratorium vart det dyrka fram «kimplanter», dvs. små spirer som vart festa til eit dyrkningstau. Prøvene som nettopp er tatt opp er svært lovande. Normalt går føre seg såinga i oktober/ november og med hausting våren etter. Då har sukkertaren vorte frå 1 til 1,5 meter lang.

Rik på vitamin

Då vi var på besøk vakuumpakka dei taren direkte i plastposar for frysing. Sukkertaren som råvare har ein marknadspris på ca. 60 kroner, men poenget for Renate Bøe og Joar Vasstein er å vidareutvikle denne planten. Ei plante som er 10 gongar meir næringsrik enn planter på land, seier dei.

– Sukkertaren og tare generelt er rik på A og alle B vitamin som B12, C, D og K og konkurrerer godt med tran i høve til omega-3, fortel dei. No i startfasen vil dei lage matprodukt og helsekost av taren.

Den nye oppdrettsnæringa

Fram i tid kan dette bli den nye oppdrettsnæringa på line med fiskeoppdrett, trur dei to.

Når heile konsesjonen på 100 dekar blir tatt i bruk, vil det vere behov for ein haustingsbåt og at det vil vere ei framtid for mange typar yrke som biologar, produktutvikling, administrasjon og logistikk, fortel dei oppglødd av alt spanande dei ser føre seg i den glinsande taren.