Oversett frå nederlandsk betyr stroopwafels sirupsvafler, forklarer Babs Hock. Vaflane er runde med ein slags karamellisert sirup som fyll. Storleiken er litt vidare enn ein vanleg kaffikopp.

Babs Hock og Micha van Berkel driv Øya pub, restaurant og pensjonat på Steinshamn. Restauranten går godt, fortel dei. Likevel, no satsar familien på noko nytt – som dei ser stort potensial i – stroopwafels.

I utgangspunktet var produksjonen av stroopwafels berre for eiga interesse til restauranten, pluss at familien steikte opp ein del vaflar då dei deltok på matfestivalen i Ålesund i fjor.

– Vi selde 3000 vaflar. Responsen var formidabel, og vi skjønte at våre stroopvafler kunne utviklast til noko meir. Det har også vore kjekt at butikkane på Harøya har tatt inn vaflane i sitt sortiment, seier Hock.

Med støtte frå det kommunale næringsfondet har dei no investert i profesjonelt produksjonsutstyr. Så langt i år har dei produsert nær 30.000 vaflar. Kapasiteten er 500 vaflar i timen.

– I starten har det vore viktig å knyte kontaktar, for å få vaflane kjent. Så langt leverer vi fast til butikkar blant anna i Ulsteinvik, Ålesund, Sjøholt og på Smøla. Eigentleg er vi overraska over kor lett det har vore å marknadsføre vaflane, seier Hock.

Ho trur at med det nye utstyret kan dei, i tillegg til å drive restauranten og utan å tilsette fleire i staben, klare å produsere 10.000 vaflar pr. veke. Men då må det gå unna.