– Ei katastrofe om Andersgardsløa hadde forsvunne, seier Audun Husøy.

– Ja, det hadde i så fall vorte mykje skifer til han Inge Sandnes om løa hadde ramla, smiler broren Endre Husøy.

Inge Sandnes er leiar i «Foreninga Andersgardsløa» og næraste fritidshuseigar til løa. Dugnadsgjengen er i godlune no når arbeidet har kome så godt i gong.

Samlingsplass

– Foreininga er ein interesseorganisasjon for bevaring av løa, forklarer Inge Sandnes.

– Vi tar sikte på at den 25 x 10 meter store løa, der den eldste delen er frå 1875, skal stå fram som eit signalbygg her ute. Vidare er det meininga at vi skal gjere løa til ein attraktiv og uformell samlingsplass for folket, seier han.

I samarbeid, og med midlar frå kulturminnefondet, er det bygningstekniske målet å renovere og å vareta løa sitt vestlandske grindverk og tidlegare tiders byggeskikk.

– God støtte har vi også fått ifrå GASS-ROR IKS og Gjensidige Nordmøre og Romsdal.

Romsdalsmuseet seier dette om løa: «Andersgardsløa er ein god representant for det vestlandske grindverk, har alderspreg og fortel på ein god måte korleis byggeskikken var i tidlegare tider, og er verkelege eit bygg å ta vare på for framtida. Få slike er bevart.»

Artikkelen fortsetter under bildet.

SOLID: Inne i løa viser Inge Sandnes eit glimt av den solide grindverkskonstruksjonen. Foto: Svein Ove Søholt

Stor glød

Foreininga vart stifta i 2015 og har alt 28 medlemmer. Gløden i arbeidet er stor. Det er lagt ned om lag 600 dugnadstimar.

– No har vi kome så langt at vi nesten er ferdig med vestsida av det enorme skifertaket som er lagt på spon over grovt taktro. Firkantskiferen er av god kvalitet, men spikaren er i ferd med å ruste bort, så all steinen må ned og lagt på igjen over nye lekter. Til denne taktekkinga har vi leigd Odd Arve Orten til å utføre. I tillegg har vi skifta ein god del av bordkledninga, fortel dugnadsgjengen.

Vindmølle på taket

Andersgardsløa er også eit vitnesbyrd på kreativitet og nytenking mellom folket på øyane. Som ein kan sjå på biletet av løa så står det ei lang stong opp frå mønet på taket. Denne er restane av ei vindmølle med skovler som vart montert opp på 1930-talet. Mølla var først og fremst meint til å skaffe vatn til fjøs og våningshus. Overføringsverket gjekk til ei vasspumpe nede i fjøsen og med forgreining til ein halmkuttar. Seinare blei også to nabohus kopla til røyrnettet og fekk såleis innlagt vatn. Konstruksjonen var det Konrad Klauset frå Midsund som sto for.

– Både overføringsverk og pumpe er framleis intakt, akslingen på taket er bøygd, men intakt. Skovlhjulet er øydelagd og borte, men er såpass detaljert nedskrive at det skal vere mogleg å rekonstruere, fortel Inge Sandnes.

– Vi har ikkje noko eksakt budsjett på prosjektet, men vil tru restaureringa kjem det på godt over ein million kroner. Det vil ta fleire år før vi er ferdige, ettersom ein stor del av arbeidet er tenkt gjort på dugnad, seier Inge Sandnes.