Da høyringsfristen gikk ut fredag, var det levert 121 svar, ifølge Nesset kommune. Romsdals Budstikke har gått gjennom høyringssvara som ligg ute på kommunens heimeside, og sett på svara frå private, bedrifter og organisasjonar, offentlege instansar og politiske parti.

Private

Størsteparten av svara kjem frå private, mange av dei utforma som ei setning eller to. Av dei om lag 85 svara av denne typen, var det om lag 10 som sa «ja», og 75 som uttrykte «nei».

– Vi som naboar er redd for kva skade/fare/ulempe desse enorme planane vil ha for oss, og er sterkt i mot. Det er på tide at fornufta sigrar og at omsyn til befolkning og bumiljø, folkehelse og samfunnssikkerhet blir sett i førarsetet, skriv Torbjørn og Siw Raudsand som bur like ved.

– Ja til resirkuleringsanlegg på Raudsand! skriv Stian Rekdal, og trekker parallell til Aukra som blei velståande ved å ta imot gassanlegget.

Næringsliv vil ha

Ei rekke bedrifter og næringsaktørar har levert høyringssvar. Nesset-bedriftene Bugge maskin og transport, Nesset Bygg, Y. Haltvik og BM Bygg og renovering er positive til planane. Dei meiner det vil vere bra med ny næringsaktivitet, og at deponietablering vil bety oppdrag og nye arbeidsplassar.

– Vårt firma sysselset i dag åtte medarbeidarar, og vi har ønske om å kunne utvide staben. Dette håpar vi kan bli ein realitet om vi får eit slikt anlegg i vårt område, skriv Daniel Bugge i Bugge maskin og transport.

Næringsliv vil ikkje ha

Ei rekke bedrifter innan reiseliv og matproduksjon ser det stikk motsett – dei fryktar at ei slik etablering vil sette næring og arbeidsplassar i fare. Fjord Norge, Visit Nordvest, NHO Møre og Romsdal, Classic Norway, Angvik gamle handelssted, Lerøy og Eirawater har sendt inn sine svar med denne typen innvendingar. For Eirawater har både nestleiar Olbjørn Kvernberg og styreleiar og majoritetseigar Khalid Al-Jumaid sendt høyringssvar – høyringa har dermed også eitt svar på engelsk, som uttrykker sterkt bekymring.

Ulik konklusjon

Næringsforeiningar kjem også fram til ulik konklusjon: Medan Angvik næringspark og Gjemnes næringsforum går i mot, er Nesset vekst (tidlegare Nesset næringsforum) for. Det same er Facebook-grupperinga «Vi som kjemper for industriarbeidsplasser i Nesset», ved Per Olav Eidsæter.

Organisasjonar negative

Andre organisasjonar som har levert høyringssvar, er i mot. Det gjeld Møre og Romsdal Bonde – og småbrukarlag, Møre og Romsdal bondelag, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Nordmøre Grunneigar- og sjølaksfiskarlag, Indre Gjemnes jaktvald, «Nei til giftdeponi» og bygdelaga i Angvik, Fagerlia, Flemma og Osmarka.

Politiske parti

Med politisk utgangspunkt har desse levert høyringssvar:

Møre og Romsdal KrF, Møre og Romsdal Venstre, Kristiansund Venstre og Molde Venstre, MDG Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Sp, og Møre og Romsdal SV. Alle er i mot etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand.

Varslar motsegn

Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, har svart og varslar motsegn. Gjemnes kommune har levert svar, og varslar også motsegn på fleire punkt.

I tillegg til desse svara, har nokre aktørar fått utvida frist og leverer svar seinare. Nesset kommune skal no behandle høyringssvara, før saka kjem til politisk behandling til hausten.

Torill Ytreberg, regiondirektør i NHO Møre og Romsdal. Foto: NHO / Moment studio
Ulrik Molton, dagleg leiar Nesset vekst. Foto: Egil H. Torvik