Partane som skal delta i utbygginga hadde nyleg nytt møte, der arkitekt Asbjørn Bua frå Arkitektkontoret bbw presenterte nye skisser. Det er Midsund kommune, Midsund næringsforum og hotellaktør Ann Jeanette Bjørk som no skal bli samde om vegen vidare.

Frå to til eitt bygg

På dei nye skissene for bruk av Antonbua-tomta, er løysinga foreslått endra frå eitt lite og eitt middels bygg, til eitt større bygg.

– Nybygget følgjer same konsept som vi hadde i arkitektkonkurransen, men hotellet er no integrert i same nybygg som kontorlokale for Midsund kommune og næringsdel, forklarer arkitekt Asbjørn Bua.

Hotellet får størst areal

Skisseprosjektet viser eit nybygg i to etasjar. Arealet er ca. 1800 kvadratmeter, der hotellet utgjer det største arealet.

– Både kontordel og hotell har inngangar frå det nye torget/brygga mot vest. Der blir det godt skjerma, med overdekka uteplassar langs bygget, forklarer Bua.

Hotellet ligg nærast sjøen med strandpromenade ført framom bygget mot sjøsida.

– Om det blir heilt slik, veit vi jo ikkje enno. Men skissene vart godt mottekne av aktørane, seier Bua.

Hotellaktør

Aktøren som vil satse på hotelldrift, er Ann Jeanette Bjørk frå Midsund. Ho poengterer at ho også har dyktige støttespelarar i ryggen som jobbar saman med henne om hotellsatsinga. No gler ho seg over at det er framgang i prosessen.

– Dette er eit godt steg vidare. Dei nye skissene ser veldig bra ut, og møtet var fint. I det heile ser det lovande ut med tanke på arbeidet vidare, seier Bjørk.

Ho legg vekt på at partane, altså kommunen, næringsforumet og ho som hotellaktør, saman må finne løysingar som fungerer godt for alle.

– Her vert det viktig med samkøyring, klare avtalar og kontraktar, seier Bjørk. Ho er optimistisk, og opplyser at ho no er i gang med å finansiere opp prosjektet.

– Kjempeflott

Ordførar Odd Helge Gangstad karakteriserer skissene som «kjempeflotte», og gir uttrykk for at prosessen er inne på eit godt spor.

– Eit nytt arbeidsmøte er planlagt om kort tid, når aktørane har fått finstudert skissene, seier Gangstad.

Det har ikkje lykkast Romsdals Budstikke å få kommentar frå Midsund næringsforum.

Antonbua

Utbygginga på tomta ved Antonbua er som kjent vedtatt av kommunestyret, og skal løyse behov for kontorlokale for kommunen. Antonbua, som i oppgradert versjon først var påtenkt som muleg kontorlokalitet, skal rustast opp utvendig. Dette oppdraget er no ute på tilbodsrunde.

Perspektiv frå sørvest. Foto: Asbjørn Bua, Arkitektkontoret bbw
Ann Jeanette Bjørk. Foto: Privat