Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.

Han drøymer framleis om å realisere Nordøyvegen. Men i spenninga mellom visjon og røyndom kan det av og til vere vondt å vere.

Fylket sin ordførar vil ikkje kaste korta enno. Han ser fram til å finne forklaringa på at alle tilboda på Nordøyvegen er mange hundre millionar kroner over budsjett.

Konjunkturane er høgare no enn for to år sidan, det kan forklare litt. Men så mykje som 800 millionar kroner er ikkje berre konjunktur.

– Vi må finne ut kvifor dette tilbodet er så mykje høgare enn det som vart berekna. Dette må det reknast på, og så skal vi kome tilbake til kva vi gjer vidare. Vi må ha eir realistisk forhold til dette, seier Aasen.

– Har det vore tett kontakt mellom deg og samferdselssjef Arild Fuglseth det siste døgnet?

– Nei, men eg har hatt kontakt med fylkesrådmannen. Vi snakka om at vi treng kunnskap og talmateriale før vi meiner for mykje i saka.

Medan Vegvesenet opna anboda i går, var Aasen i møte med Vegdirektoratet og Vegvesenet i ein heilt annan samanheng.

– Det vart sagt at konjunkturane har endra seg. Vegvesenet nemnde også KS2-rapporten, som sa at prisoverslaget er betydeleg usikkert, så dei var ikkje veldig overraska. Eg er sikker på at Vegvesenet no er opptatt av å få sjå anbodet, og at det er ei fagleg veldig interessant sak for dei, seier Aasen.

Fleire tunnelskjeringar står allereie ferdige. Skal dei stå der til evig tid som eit slags monument?

– Går det an å stoppe prosjektet? Alt har ei grense. Min ærlege intensjon er at dette ikkje skal stå der i framtida som eit monument over eit vegprosjekt som vi ikkje makta å gjennomføre, seier Aasen og held fram:

– No er eg i grenseland til ønskjetenking, men eg ønskjer å oppfylle vedtaket som fylkestinget har gjort. Vi ser korleis Atlanterhavsvegen blir avbilda i mange samanhengar, som eit nasjonalt og internasjonalt ikon. For ein del år sidan ville folk sagt at det er galskap å bygge Nordøyvegen. Dette kan bli ein turistveg og eit reiselivsikon som er heilt eineståande i Norge. Det er draumen og drivkrafta. Trollstigen og Ørnevegen har blitt så mykje meir enn ein veg, og slik er det i mange samanhengar. Nordøyvegen kan setje Møre og Romsdal enno meir på kartet, som noko folk legg merke til, seier Aasen.

– Men tre milliardar kroner er meir enn vi kan bygge på tru, håp og visjonar.

Kva skjer vidare?

– Eg reknar med at  eit svar vil kome seint i sommar eller tidleg i haust. Om nødvendig kan vi ha eit ekstraordinært fylkesting i september, seier fylkesordføraren.

Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.

Fylkesordfører Jon Aasen (Ap). Arkiv. Foto: STAALE WATTØ