Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.

Er det mogleg å bygge Nordøyvegen billegare? Ei lang kuttliste er allereie gjennomført, seier Oddbjørn Vatne, tidlegare styreleiar for vegprosjektet, no pensjonist.

Han meiner fylket bør sjå ein gong til på dette med hurtigbåten til Nordøyane, om det er pengar å spare på å kutte ut den. – Så vidt eg hugsar, er det snakk om 13–14 millionar kroner i året i direkte utgifter. Her kan det vere eit potensial dersom både stat og fylke går inn på det, seier Vatne. 13 millionar kroner over 40 år er jo ein del pengar.

Store endringar tar tid

Kristin Sørheim (Sp), leiar av samferdselsutvalet, trur ikkje så store endringar kan gjerast utan at det må godkjennast på nytt – og då går tida.

– Skal hurtigbåten fjernast, må vi i gjennom ein ny runde i departement og i Stortinget.

Inntektene kan aukast ved å utvide bompengeperioden frå 30 til 40 år.

– Fleire vegprosjekt som blir planlagt langs kysten blir ikkje mogleg å gjennomføre utan 40 års bompengeperiode. Men også det skal ut på høyring og opp i Stortinget, og då går tida, seier Sørheim.

Og alternativet? Det er å kutte heile prosjektet. Då trengst det nye ferjekaier. Ei ny ferjekai med ladestasjon kjem fort opp i meir enn 100 millionar kroner. Ofte må fylket også betale kostnaden med framføring av elektrisk forsyning. Og det blir nye og dyrare ferjer – til evig tid.

– I eit langt nok perspektiv er eg ikkje i tvil om at det er billegare med veg, seier Sørheim.

Oktober er siste frist

Ho er opptatt av å få ei avgjerd i haust.

– Vi har ein stor og god prosjektorganisasjon. At dei skal bli sitjande i eit vakuum i lang tid er risikabelt. Det er viktig å få bestemt seg får det går alt for langt ut på hausten. Og tilboda som vi har fått står ikkje for alltid.

Ho sit også i Plannemnd for samferdselsutbygging, saman med Frank Sve og Iver Nordseth. Dei blir no styringsgruppe for Nordøyvegen utover sommaren og hausten, då saka kjem opp først i samferdselsutvalet og så i fylkesutval.

– Vi må sjå på om ting kan kuttast eller utsetjast. Det seinaste vi kan gjere eit vedtak er på fylkestinget i oktober, seier Sørheim.

Dramatisk

Charles Tøsse, Høgre sin gruppeleiar på fylkestinget, seier situasjonen er dramatisk.

– Det er dramatisk slik saka ligg i dag. Vi klarer uansett ikkje å kutte ned kostnadssida med 800 millionar, vi er ikkje i nærleiken, seier Tøsse.

Han trur resultatet kan bli at Nordøyvegen tar pengar frå drift og investeringar.

– Dette blir kjempekrevjande. Vidaregåande skular ønskjer eg å beskytte i størst mogleg grad. Dette vil heilt klart gå ut over andre samferdselsprosjekt i fylket, seier Tøsse.

Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten.

Kristin Sørheim (Sp) er leiar av samferdselsutvalet og medlem av plannemnd for samferdselsutbygging i fylket. Foto: STAALE WATTØ