RAUDSAND: Freddy Svensli er mellom Raudsand-innbyggarane som har levert svar på høyringa om etablering av deponi for farleg avfall på Bergmesteren Raudsand.

Idyll

– Det er idyllisk her, på fine dagar som denne, og når vi ikkje har luktplager frå Real Alloy. Slik vil vi gjerne at det skal halde fram, seier Svensli til Romsdals Budstikke.

Han og kona frå Eidsvåg flytta hit frå Fredrikstad i 2015.

– Hadde vi visst at det kunne bli aktuelt med nasjonalt deponi for farleg avfall i nabolaget vårt, hadde nok ikkje tenkt på Raudsand då vi skulle sjå etter bustad, seier Svensli.

Nabo til industri

Han er frå Fredrikstad, og har i mange år budd nært industriområde med mellom andre Kronos Titan som nabo.

– Eg har opplevd industri på nært hald, og veit kva det inneber med tanke på lukt og gassar frå produksjon og transport, og risiko for brann og anna. Det bekymrar meg at folk vil ha slikt til bygda her, dei veit neppe kva dei snakkar om, seier Svensli.

Ingen garanti

Han viser til at uhell skjer, at ting går annleis enn planlagt.

– Sjølv om ting vert sagt å vere trygt, så skjer det ting som ikkje skulle skjedd. Ting kan gå gale, det er berre slik det er. Så eg stoler ikkje på det når det vert sagt at det skal vere heilt trygt, da er det betre ikkje å utsette seg for ein slik risiko. Finn heller ein anna plass for deponi, det finst da meir enn nok fjell her i landet der det ikkje bur folk, seier Svensli.

– Men ei slik etableringa vil vel kunne bety arbeidsplassar og andre fordelar for bygda og kommunen?

– Tja. Eg trur vinninga vil gå opp i spinninga. Kjem deponiet for farleg avfall, så vil andre, miljøbaserte arbeidsplassar forsvinne, seier Svensli.

Truga med juling

Han er også oppgitt over stemninga i bygda, med steile frontar mellom dei som er for og dei som er i mot.

– Folk som har hatt eit godt forhold til kvarandre før, er ikkje på talefot lengre. På sosiale media er tonen hard, folk slenger dritt og kallar kvarandre ting. Eg kjenner også til at folk er blitt ringt opp og truga med juling på grunn av meiningane sine. Det er ikkje særleg greitt, slik skal det ikkje vere, seier Svensli.

– Som innflyttar, korleis ser du på situasjonen?

– Vi er blitt glad i bygda, og det er mange bra folk her. Men eg synest jo det er rart at vaksne folk oppfører seg slik, det er ikkje tillitvekkande.

– Sett seg blind

– Så er det gjerne også slik at dei som har budd her lenge, kanskje har sett seg blind på kor vakkert det er her, og gløymer at det er ein verdi som må takast vare på. Eg synest det er rart at folk er villig til å gamble med det fine vi har rundt oss her, seier Svensli.

Etterlyser lyd frå Molde

Han er også forundra over at det er så stilt frå molde-kanten.

– Kanskje verkar Raudsand fjernt for Molde, men det er berre ein time unna. Og om kort tid er også Raudsand del av Molde kommune. Eg tenker at folk i Molde burde seie frå kva dei meiner i denne saka, seier Svensli.

Appellerer

I høyringssvaret sitt avsluttar han slik, med appell til dei som skal bestemme:

– Tenk deg om! Kan du med hånden på hjertet si at du er klar for å ta en slik sjanse?