- Musikk kan vere oppmuntrande, trøstande, avslappande og energigivande. Alle desse følelsane får oss til å føle oss levande – «Alive» , som også er tittelen på ein av låtane vi skal framføre, forklarte leiar i Gossen Gospel Voices, Elin Rød, då ho ønska velkomen til vårkonsert i Aukra kyrkje søndag kveld.

Mange nyansar

Gossen Gospel Voices hadde i år invitert Molde Gospel til den tradisjonsrike vårkonserten sin. Med eit solid band i ryggen, beståande av Joachim Orvik, Kjetil Myren, Lidvar Emblem, Ketil Strand, Dagfinn Grønvik og Geir Harald Eikrem, fekk dei om lag 150 tilhøyrarane bli med på ei musikalsk reise gjennom heile følelsesregisteret, frå várt og sårt til heftig og røft, der kora først hadde kvar si avdeling, før dei samla seg i siste del og framførte fem av låtane saman.

I løpet av den halvannan timar lange konserten fekk dei frammøtte høyre vakre balladar, ord til ettertanke, samba-rytmer, funky groove og innimellom: ein fullstemt trøkk som kunne blåst taket av den ærverdige kyrkja.

Heldig

Begge kora presenterte dyktige vokalistar undervegs, og i bresjen for det heile stod ein entusiastisk og kyndig dirigent, Miriam Venås.

- Eg er så heldig som har to gospelkor, sa ho fornøgd, som denne kvelden også fekk med seg publikum på sangen.

- Dette har vore veldig moro! Eit flott publikum og to flotte kor. Eg trur det blei bra trøkk, men at vi også «landa» litt innimellom, oppsummerte Miriam Venås etter konserten.

Og Solveig Sæther Holdhus (8), som hadde blitt med pappa Gøran Sæther på vår-konsert, syns det var kjempebra:

- Kjempefin musikk! Veldig kjekt! Glad at eg blei med, meinte ho. Og pappa Gøran var enig.