(Sunnmørsposten): – Dette er frustrerande, seier Jan Erik Rotevatn, dagleg leiar både for Rotevatn Trafikkskule og Skårbrevik Aut Trafikkskole.

Då Sunnmørsposten snakka med han, var han ute med ein elev som er ein av få heldige som vil få ta førarprøva på motorsykkel. Dei fleste må vente.

Då Sunnmørsposten snakka med han, var han ute med ein elev som er ein av få heldige som vil få ta førarprøva på motorsykkel. Dei fleste må vente.

Problem for sommarjobb

Dei får heller ikkje nokon dato for når førarprøva kan takast.

– Her har vi 16-åringar som har gledd seg til å kunne køyre til sommarjobb, og eg forstår godt at det er trist og leit at det ikkje blir slik, seier Rotevatn.

Problemet gjeld for prøve til alle typar køyretøy, men verst er det for ungdom som ikkje har anna førarkort frå før.

– Det er synd at dei ikkje kan få avslutte noko dei har begynt på, før langt fram i tid, seier Rotevatn.

For trafikkskulane er det også eit problem, når det hopar seg opp med elevar. Tidlegare har det vore jamnare sig av prøver. Og Rotevatn meiner det er ryddigare når skulane kan gjennomføre opplæring med heile grupper, før dei tek neste gruppe. I år hopar det seg opp.

– Vi køyrer på og gjennomfører opplæring, og så får vi sjå kva som skjer. Vi trur og håpar på ei løysing, seier Rotevatn.

Manglar sensorar

Seksjonsleiar Jan Erik Myhr i Statens vegvesen stadfestar at det er unormalt lang ventetid i år. Det gjeld ikkje berre Sunnmøre, men heile Møre og Romsdal. Vegvesenet har ikkje nok folk til å vere sensorar på førarprøvene.

– Dette er ikkje ein ønskjeleg situasjon, men vi gjer det vi kan for å få til fleire prøver. I fjor hadde vi inn folk frå Austlandet, og no prøver vi å få inn frå Trøndelag. Og vi køyrer på overtid, seier Myhr som forstår at folk er fortvila.

Han oppmodar dei som ventar om ikkje å gi opp, for det vil kome tilbod, men han kan ikkje love når og kvar tilboda om oppkøyring vil kome.

Årsaka til problema er samansett, men skuldast at fleire sensorar har slutta. Og det er ein lang og krevjande prosess å få på plass nye folk. Det er likevel god tilgang på folk som ønskjer jobbane. Allereie i juni er nye folk på plass, men dei må ta etterutdanning før dei kan vere sensorar.

– Situasjonen vil betre seg ut over hausten, og i 2019 reknar vi med at det blir normalisert, seier Myhr.

Denne saka var først publisert på smp.no

Kjell Erik Rotevatn er dagleg leiar i Rotevatn trafikkskule og Skårbrevik Aut Trafikkskole. Han er frustrert over at elevane no må vente lenge før dei får køyre opp til førarprøve. Spesielt trasig er det for dei som vil ta MC-lappen no i sommar og opplever at sesongen er over før dei får køyre opp. Foto: Nils Harald Ånstad