(Sunnmørsposten): I fleire år har kommunane Norddal og Rauma bede om at det kjem på plass ei mobildekning på ei 11 kilometer lang strekning mellom Trollstigen og Valldal.

I dag er det ikkje mogleg å bruke mobiltelefon her, sjølv om det kvart år ferdast ca. 700.000 turistar på strekninga.

Den eine instansen etter den andre har vurdert saka. Anten har det stått på tekniske løysingar, eller så har det mangla pengar.

No har fylkesberedskapssjef Stine Sætre i fylkesmannen sin stab sett på saka, og meiner det må gjerast ein framstøyt mot fylkeskommunen:

– Det er særleg hendingar langs vegen som er ei bekymring i området over Trollstigen. Det at trafikantane kan varsle naudetatane om trafikkhendingar, kan vere avgjerande for å berge liv og helse om ulukka er ute, skriv ho og fylkesmann Lodve Solholm i eit brev begge har signert.

Brevet er stila til Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselssjef Arild Fuglseth. Fylkeskommunen er nemleg eigar av fylkesveg 63 over Trollstigen, medan Statens vegvesen har eit ansvar for drift og vedlikehald.

I brevet ber ein om at fylkeskommunen, i samråd med Statens vegvesen, vurderer om det er mogleg å etablere ei løysing med naudtelefonar, som eit alternativ til mobildekning.

Fylkesmannen skisserer ei løysing der det blir sett opp naudtelefonar, av same type som det er vanleg å bruke i tunnelar – og at telefonen blir knytt til det statlege naudnettet. Naudnettet har nemleg full dekning heile vegen, og har straum takka vere aggregat.

– Desse terminalane kan monterast for kvar kilometer langsetter vegstrekninga, og ein vil vere dekt med ti terminalar, skriv Solholm og Sætre.

Dei legg til at investeringa kjem på ca. 800.000 kroner, eksklusiv moms. Vidare er det rekna ut at den årlege drifta vil kome på ca. 30.000 kroner.

Fylkesmannen legg til at likevel bør det framtidige målet vere å få full mobildekning på heile vegstrekninga.

Samferdselssjef Arild Fuglseth seier at han har lest brevet, men at det ikkje er blitt laga noko sak enno.

– Uansett rekk vi ikkje å få på plass noko samband i år, seier Fuglseth.

Denne saka var først publisert på smp.no

Stine Sætre hos fylkesmannen i Møre og Romsdal. Foto: Erik Birkeland