– Vi har ikkje vist teater dei siste åra grunna manglande oppslutning, men i år har vi fått med oss både gamle og nye skodespelarar for å sette opp farsa «Gå og legg deg» av Avery Hopwood, fortel regissør Heidi Løklingholm.

Har vore vist før

– Stykket var sett opp på Soltun for 25 år sidan, og både hovudrolleinnehavar Solveig Tangen og Tone Nerbøvik var med også då.

– Det er utruleg at dei som var med då, huskar replikkane enda! I tillegg har vi fått med tre tidlegare medlemmer i Spetakkelteateret, så her er det god aldersspreiing, fortel Løklingholm.

Nærare 20 personar er involvert i den tre-akters komedia, og uendeleg mange timar med replikkinnlæring og øving har gått føre seg sidan nyttår.

– Vi har øvd i helgar og på kveldstid. Dette er eit gruppearbeid med høg grad av medbestemmelse. No sit dei fleste replikkane, så den siste veka blir det intens jobbing med tempo og sceneskift, fortel regissør Løklingholm.

Mykje moro

– Historia går føre seg på landsbygda, der frua i huset har inviterte til fest, men blir sjuk. Komplikasjonar oppstår i forbindelse med ei bilulykke, og dermed ballar det på seg.

– Det er mange detaljar og rikeleg med intrigar. Alt går føre seg på soverommet, enten oppi eller under senga, avslører Heidi Løklingholm. Meir vil ho ikkje seie. Folk må komme og sjå sjølve.

– Vi håper på godt oppmøte sjølv om det er langhelg. Dette er jo eit historisk stykke på mange måtar – og folk kan rekne med å få seg ein god latter, seier ho og legg til:

–Vi har hatt folkefest på Soltun sidan 1950, med korps, prolog og teater. Dette blir absolutt siste sjanse til å oppleve denne tradisjonen, så eg håper mange nyttar sjansen.

Folkefesten på Soltun 17. mai startar kl. 20.

Regissør Heidi Løklingholm håper mange vil komme å sjå den aller siste teaterførestillinga som blir vist på Soltun 17. mai. – Dette blir moro! Bedyrar ho. Foto: Gunn E. Aarønes