MIDSUND: – Tilbakemeldingane vi får, er at vi har fått det vi har krav på. Det ser ikkje ut for at vi har ei sak, så eg vil tilrå at vi no legg dette vekk, sa økonomisjef Arild Sjøvik i orientering til kommunestyret før helga.

Venta på meir

Som kjent har både ordførar og administrasjon stilt seg undrande og tvilande til at Midsund kommune til rammene kommunen har fått, og meint at det ikkje var i tråd med det som var avtalt i prosessen med kommunesamanslåing.

Tatt runden

I ein vanskeleg økonomisk situasjon har kommunen gått runden med fylkesmann, departement og kommunanes organisasjon KS, for å få klarlagt om det var midlar «til gode».

– Vi oppfatta at vi skulle få behalde småkommunetillegget etter gammal ordning, men opplever no at nytt inntektssystem slår den andre vegen – vi trekt, forklarte Sjøvik.

Han viste til brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som konkluderer med at Midsund er kompensert i høve til føresetnadene. Det vert vist til kompliserte utrekningar og fleire ulike ordningar.

– KS-beskjeden er «Gløym det»

Kommunen har utfordra KS, som har sett på saka. I brev frå KS vert det poengtert at når Midsund ikkje har fått tilskot som var anslått, kan dette skuldast vekst på andre område.

– Slik sett vil det vere vanskeleg å vinne fram med argumentasjon om at kommunen ikkje har fått full kompensasjon gjennom overgangsordninga, sidan utrekningar kan gjennomførast på denne måten, heiter det i vurderinga frå KS.

– KS-svaret er i realiteten eit «Gløym det», sa Sjøvik.

Sjølvkritikk

– Korleis kom vi inn på feil spor? sa Arnstein Misund (KrF).

– Vi følgde ein modell KS hadde sett opp, etterpå ser vi at departementet har brukt ein annan modell. Her må vi vere sjølvkritiske. sa Sjøvik.

– Men vi trudde at vi skulle behalde småkommunetillegget? sa Magne Reiten (Sp).

– Her er det mange og kompliserte reknestykke. Vår enkle tilnærming strakk ikkje til, det er berre å beklage, sa Sjøvik.

– Det var vel optimistisk å tru at ein kunne behalde alt godt i det gamle systemet, og samtidig få alt godt frå det nye, kommenterte Adrian Sjølie (H).

– Ikkje ferdige enno

Ordførar Odd Helge Gangstad vil likevel ikkje gi seg heilt.

– Det vi vart presentert for, var full kompensasjon. Og vi er enno ikkje ferdige med forhandlingane med fylkesmannen om skjønnsmidlar, poengterte Gangstad.