– Det er fortvilt og frustrerande, seier Oline Blø.

Nye rutetider

Ho refererer til nye ferjetider på sambandet Solholmen – Mordalsvågen, der det frå 1. mai er endringar på ferjeavgang tidleg morgon og sein kveld. Første avgang er skuva fram, medan «pendlar»-avgangen kl. 07.20 frå Solholmen er flytta til 07.25.

– Får konsekvensar

Det er desse fem minutta som Blø forklarer gir omfattande konsekvensar for pendlarar frå og til Otrøya.

– Med fem minutt forseinking her, blir allereie knappe marginar enda verre, seier Blø.

Mange elevar frå Midsund går på vidaregåande skule i Fræna, mellom dei hennar eigen 16-åring, og må ta buss frå Midsund via Molde til Elnesvågen.

– Før kom elevane litt for seint til første time, no vert det 10–15 minutt. Det er ikkje greitt! Skulen har vore fleksibel og sagt at det går, men det er klart dette er svært uheldig.

Avhengig av buss

Ho poengterer at det ikkje er «berre – berre» å reise tidlegare for å komme fram i tide – i så falla må dei ta buss frå Midsund i 06-tida. Da blir det 12-timars skuledag, seier Blø.

Og skulle bussen frå Mordalsvågen ikkje rekke korresponderande buss i Molde, kjem ikkje elevane fram til skulen før skuledagen er over. Og det er ikkje gyldig fråvær.

– Ikkje optimalt

Heine Blø (16) som går første året på Fræna vidaregåande, forklarer at han og medelevar frå Midsund etter ruteendringa mister ein del av førstetimen.

– Det er ikkje optimalt, nei. Særleg ikkje for lærarane, seier han.

Om han skal komme fram til rett tid, må han dra heimanfrå kvart på seks.

– Eg har gjort det ein gong, på første skuledag. Det var tungt, kommenterer han.

Utfordrar ordføraren

Oline Blø har teke problemstillinga opp med ordførar Odd Helge Gangstad, som opplyser at kommunen har teke tak i saka.

– Vi er i dialog med fylkeskommunen, og håper å få til ei løysing, seier Gangstad.

– Både positivt og negativt

Han peiker på at ruteendringa slår ut både negativt og positiv – dei som treng å rekke tidlegflyet til Oslo er glade for endringa.

– For nokon av dei som pendlar på jobb til byen, er det verre. Dei kjem no for seint på jobb. Også dei som bur i byen og jobbar i Midsund, kjem for seint på jobb. Og elevar ved ungdomsskulen her kjem for seint, sidan dei kjem med bussen frå Solholmen der avgangen no er lagt seinare, seier Gangstad.

Problem med siste avgang

– Og for dei som kjem med siste flyet er også endringa på kveld negativ – no er siste avgang frå Mordalsvågen skuva fram til midnatt, mot 00.15 tidlegare. Dermed er det slett ikkje sikkert ein da kjem seg heim, seier Blø.

Opprørt

Ruteendringane blir grunngitt med behov for korrespondanse. Dette er ikkje formildande for Oline Blø:

– Det opprører meg at det heile tida er korrespondanse andre stader som skal avgjere kva som skjer med våre rutetider. Situasjonen gjer meg «eitrendes forbanna»!

Heine Blø er elev ved Fræna vgs. Foto: Anita Vingen