Ansvaret tek dei på alvor. Dei siste dagane har hundrevis av kilo med søppel blitt rydda av små og store hender i forbindelse med Strandryddeveka 2018.

Velforeningar og grendalag på Gossen har den siste veka samla inn fleire hundre kilo med søppel og skrot langs strender og i fjøra. Laurdag var den store Strandrydde-dagen, og trass i konfirmasjonar og travle tider, bidro nærare hundre gossingar til å gjere ein innsats.

Farleg plast på populære strender

Hjertvikleira, Horremsleira og Røaleira er vakre og populære badestrender som blir mykje brukt - no er dei snart rydda og klar for glade badegjestar.

- Det er viktig å plukke plast slik at den ikkje løyser seg opp og blir til mikrofiber. Då havnar dei i magen til fisken og kanskje i våre magar og det er litt ekkelt, forklarte Henrik Småge Nerlandsrem, som plukka rusk og rask på Horremsleira saman med pappa Raymond og søstrene Charlotte (10) og Celine (7).

På Røaleira, Gossen si lengste sandstrand, rusla meir enn 30 store og små strand-ryddarar og fylte sekk etter sekk med søppel.

- Kjekt å hjelpe til, men dumt at ikkje folk bryr seg med kva dei kastar frå seg, meinte Konstanse Midthaug-Vågøy(10).

Fornøgd

Langt ute på langgrunna ruslar leiar i Røabukta Velforening, Aud Lisbeth Lillebostad med ein halvfull plastpose på slep.

- Veldig bra oppmøte, og dei som ikkje kunne komme i dag, har rydda litt i dagane før, fortel ho.

Plastposane vart henta på kommunehuset på Aukra og etter endt ryddedugnad vert dei plassert ved vegkanten, slik at RIR sine bilar lett kan lempe dei på.

- Røaleira er eit fantastisk område som blir mykje brukt, og då ønsker vi det skal vere reint og ryddig, forklarer Lillebostad.

Fleire av dei nærare 20 grendalaga og velforeningane på Gossen er enten ferdige med dugnaden sin eller skal gjennomføre den i løpet av neste veke.