Aukra: – Her er det mest tau-stumpar, av ein eller anna grunn, konstaterer Oddny Sporsem, der ho går og samlar søppel i ei av dei små vikene ved Småge ferjekai. Saman med sonen Asgeir og Ann Britt Småge plukka ho torsdag ettermiddag søppel på strekninga frå ferjekaia og inn mot småbåthamna på Småge.

– Vi var ti frå Smågetoppen grendalag som møtte opp til ryddedugnad i dag. Nokre av smågingane starta ryddinga alt for nokre dagar sidan og har samla ein heil haug med rot og skrot, fortel Frank Småge, medan han samlar rusk langs vegen til ferjekaia.

Lenger inne finn vi enda ein gjeng smågingar, som held seg godt fast i sekkane i vindbygene. Regn, sol og vind, alt på same tid, gjer ryddejobben krevande, men det er likevel berre smil å sjå.

– Vi brukar sekken som dregg, ler Ann Kristin Jensen, medan ho plukkar plast-flak og anna gjenlatenskapar oppi ein blafrande søppelsekk. Bildekk, plastkanner og anna skrot er samla saman av den ivrige gjengen.

Også grendalaget på Hoksneset og Aukra kulturskole samla seg for å gjere ein innsats på den store ryddedagen, medan dei aller fleste grendalaga på gass-øya skal ta sin tørn førstkomande laurdag.