Harøya: På Harøya er han godt kjent med sykkelen sin og den grøne plastkassa på beraren. Den er både handle- og bosskorg. Det er mange år sidan no; i alle fall på heile 2000-talet at Per Arne tok til med sin plastrydding langs vegane og i fjøra. Spesielt i Morsundet på vestsida av Harøya er det ille. No, mange år etter er han ein like ivrig og trufast fjøreryddar gjennom heile året.

Nyttar å rydde

– Tidlegare var problemet med plast mykje meir synleg. Då kunne det vere store haugar med plast, fortel han. – Så det nyttar å rydde, men det flyt inn plast kvar einaste dag.

I media og på plakatar blir det slått opp om strandryddedag her og strandryddedag der, men rydding ein gong i året held ikkje, slår Per Arne Morsund fast etter sin lange erfaring med plastproblemet.

– Mani kan kanskje nokon kalle det eg driv med, men det er forferdeleg å sjå at fjørene blir tilgrisa. Så folk får meine kva dei vil.

Grana stoppar forsøplinga

Per Arne likar å gå i fjøra, gjerne sette seg ned i le av den skogplanta sitkagrana for å filosofere og å lytte til fuglesongen. Sitkagrana er forresten god å ha langs fjøra. Den er med på å stoppe forsøpling innover land og utover markar og myrer.

Vi går ein tur i primærfjøra til Morsund. Den strekker seg frå gamleskulen i Breivika, forbi Morsundet til Brunvoll – ei strekning på om lag 2–3 km. Det er ikkje mykje plastrusk å observere her, men eit trena blikk finn fort fram til små garnstumper og diverse anna rusk innimellom taren.

Eigen plastbåt

Med plastbåten sin er han også på turar til Uksnøyholmane der det kan vere innmari mykje rusk heilt frå store frysarar til alle typar plastrusk over alt. På Uksnøyholmane er han ikkje bestandig åleine.

I fjøra kan han også finne nyttige gjenstandar som fiskevegn, tau og kuler.

– Det er mykje arbeid. I tillegg kan innsamlinga gå føre seg lite tilgjengeleg og langt frå vegen. Då er plastbåten god å ha for å samle inn sekkane og større plastgjenstandar. Berre i år har eg plukka inn over 60 sekkar med plastrusk, fortel Per Arne.

Plastsekkane blir levert til bossbilane frå ÅRIM.

Aksjehandlar

Ei anna stor interesse som Per Arne Morsund har er handel med aksjar. På slik handel har han gjort det brukbart. Særleg etter krakket i 2008/2009 har det vore ei fin utvikling.

–Aksjane har dobla seg fleire gongar, fortel han.

Det ikkje småpengar det dreier seg om, men millionar.

– Meir treng du ikkje å skrive. Eit triks for vellykka handel, avslører han, er når det norske oljefondet går ut av eit selskap på grunn av etiske retningsliner, så går eg inn. Han smiler lurt.

– Men dette er vel litt i konflikt med dine eigne etiske retningsliner då Per Arne, er vår innvending.

– Ja, men det meste her i verda er uetisk, som for eksempel bilkøyring. Ingen annan aktivitet forureinar meir kloden enn bilkøyring, slår Per Arne tilbake. – Det meste som går føre seg er uetisk, meiner han. Til meir folk tener, til meir utnytting av folk i u-land og til meir forureining av kloden. Det er nesten ikkje råd å gjere noko med dette. Sånn er det berre. Per Arne slår ut med armane og ser oppgitt ut.

– Program på TV f.eks. tek opp problemet med plastposar. Men det er ikkje der problemet er. Problemet er at dei fleste tener for godt. Til meir ein tener til meir forureining. Om noko skulle hjelpe på må det bli mindre bilkøyring og mindre vasking av kle. Gjerne bøte kleda også, slik at dei varer lengre. Men det å tenke slik som eg gjer, er nok ein håplaust.

Filosofen

Brått er samtalen kome inn på det filosofiske. Per Arne har eit stort bibliotek i stova som han har lese. Her er det eit stort spenn i litteraturen. I denne samtalen snakkar han om Romerrikets siste dagar. Mykje kan samanliknast med våre dagar med uhemma festing der alle såg undergangen kome, men like vel køyrde på.

Per Arne vert uroleg og går rundt om i stova. Er vi kanskje nær denne undergangen no?

Spørsmålet vart hengande i lufta.