Per Karstein Røv, politistasjonssjef i Molde, opplyser at bilulykka i Fræna søndag kveld framleis er under etterforsking.

Alvorleg skadd

Som kjent vart ein mann i 20-åra alvorleg skadd da han køyrde av vegen ved Myrbostad ved Elnesvågen i Fræna søndag kveld. Han vart funnen ved sida av bilen, tilsynelatande kasta ut av bilen.

Mannen vart først teken med til Molde sjukehus, og derfrå flydd til St. Olavs hospital.

Vitneavhøyr

Politiet jobbar no vidare for å finne årsaka til ulykka.

– Den aktuelle bilen blir undersøkt av krimteknikarar, og vi gjennomfører avhøyr av vitne. Det er snakk om fleire vitne i fleire bilar, men vi har enno ikkje fått avhøyrt alle, seier Røv.

– Nokon har sett

– Var det vitne som såg det som skjedde?

– Nokon har sett det som skjedde. Så vi reknar med å få eit ganske bra bilde av kva som har skjedd når vi har alle brikker på plass, seier Røv.

Han viser også til at politiet ventar på rapport frå i Statens vegvesens ulykkesgruppe.

– Så konklusjon har vi ikkje enno på ei stund, seier Røv.

– Er det mistanke om at bilen har hatt høg fart?

– Det kan vi ikkje svare ja eller nei til no. Vi gjennomfører våre undersøkingar og etterforsking uavhengig, og utan å legge til grunn den eine eller den andre av teoriar som måtte komme opp, også angåande fart, seier Røv,

– Korleis kjem ein fram til kva rolle fart spelar i ei ulykke?

– Med ein kombinasjon av det vitne fortel, utrekningar frå ulykkesgruppa, og det teknikarane finn.

Tar tid

– Når reknar politiet med å ha oversikt?

– Når alle er avhøyrde, og vi har rapportar frå krimteknisk og frå ulykkesgruppa. Det vil nok ta litt tid, seier Røv.

Politistasjonssjef Per Karstein Røv. Foto: Bjørn Brunvoll