– Eg hadde vel ikkje sett for meg ein slik massiv motstand, seier ho.

Det Frøya-baserte oppdrettsselskapet Måsøval Fiskeoppdrett AS har grunngitt søknaden sin til Møre og Romsdal Fylkeskommune om etablering av oppdrettsanlegg ved Storvære på nordsida av Gossen med at verksemda sitt eksisterande produksjonsmønster er for risikabelt. Dei ønsker å etablere eit anlegg på to smittemessig åtskilde lokalitetar:

Gode relasjonar

Oppdrettsfirmaet meiner dei i lengre tid har hatt gode relasjonar til Aukra, både til kommunen, næringslivet og privat. Mellom anna fekk dei bygd tre servicebåtar på Vard Aukra for kort tid sidan. Miljø- og utviklingsleiar i Måsøval Fiskeoppdrett AS, Monicha Seternes er difor overraska over dei kraftige reaksjonane på søknaden om plassering i Storvære:

– Av innspel på saka skjønnar eg at grunneigarar og andre ikkje ønsker eit oppdrettsanlegg i området. Møter og dialog med kommune og ordførar i forkant var veldig positive, og etter å ha utreda omsøkte lokalitet følte vi oss sikre på at dette var eit godt val, så eg hadde vel ikkje sett føre meg ein slik massiv motstand, seier ho.

– Når det er sagt, så har eg forståing for at bebuarane ikkje ønsker å få «øydelagd» kystområda sine. Eg personleg meiner vi kan få til ei etablering som ikkje vil vere skjemmande, men det er jo forskjellig oppfatning av kva som vil skjemme og ikkje.

Kystverket positiv

Kystverket har også kome med ei positiv innstilling til etableringa og har mellom anna uttalt at dei ikkje kan sjå at anlegget vil påverke ferdsel, naturmangfald, samt krenke naboeigedom.

– Det er viktig for oss å spele på lag med lokalbefolkninga, og ei etablering kan få positive ringverknader for nærmiljøet – eit anlegg kan fort generere 8–9 arbeidsplassar og vi nyttar oss alltid av lokale servicetenester. I tillegg vil vi gjerne ha eit samarbeid med lokale fiskarar om levering av leppefisk, seier Seternes.

Ønsker seg til Aukra

– Vi ønsker å etablere oss i Aukra kommune, men er sjølvsagt opne for ei alternativ plassering. Eg har planlagt eit dialogmøte først i mai og håper vi kan komme fram til ei løysing som vil fungere for alle partar, legg ho til.