– Dette er jo ikkje ein stor ting, men det er artig å sjå at responsen, seier Berna Gule.

I fruktdisken

Nyleg posta ho bilde på sosiale medium av sine sjølvlaga handlenett, som ho bruker til frukt og grønsaker kjøpt i laus vekt.

– Det fungerer heilt fint til eple, appelsin, potet og andre «runde» og tørre varer ein får i laus vekt. Forhåpentleg vert det meir av det – butikkane melder jo no at dei vil kutte i plastbruken, seier Berna Gule.

Mange «likes»

Responsen på heklaposan har vore stor og positiv – inkludert spørsmål om ho vil lage nett på bestilling. Som ho med nokre få unntak har takka nei til.

Særleg yngre menneske responderer. Det er jo dei som skal leve med plastikksyndene våre, seier Berna Gule.

Engasjement

Heklapoasne vekker oppsikt også «i felten» – under fotograferinga viser ein av dei tilsette på Bunnpris-butikken engasjerer fram at ein allereie er i gang med å ta i bruk meir papp som emballasje for frukt. Og i kassa blir det livleg diskusjon om kor mykje ein kan trappe ned på plastbruken.

– Dette vil jo ikkje redde verda, akkurat, men alle er samde om at kvar og ein kan gjere noko. Og alle monner drar, poengterer Gule.

For mykje plast

Bakgrunnen for at ho sjølv kom i gang med bruken av dette, var frustrasjon over plastmengdene frå eige hushald.

– Eg sorterer jo søppelet godt, det er ikkje mitt søppel som hamnar i havet! Men eg erkjende at det vart svært mykje og unødvendig plastsøppel å bere ut frå mitt eige hus, og at eg faktisk kunne gjere noko med det. I tillegg til at ein slik kan bidra litt sjølv, handlar det om bevissthet rundt vanar, seier Berna Gule.

Inspirasjon

Ho er glad i handarbeid, og fann inspirasjon til heklanetta på Marit Totlands blogg, der ho skriv om «Hekla fruktposar: Ut av plast-uføret».

– Dette er så lett at dei aller fleste kan klare det. Ein heklar luftmasker på enklaste vis – det er gjort på eit par timar, seier Gule. Ho bruker bomullstråd, og kan vake posane ved behov.

Stor interesse

Ho viser til at det i det siste har blitt stor interessa rundt bruken av plast, mellom anna med NRKs plastserie, og at bransjen sjølv har sett fokus på plastbruk.

– Eg oppfattar det slik at dei siste åra har dette med emballasje auka sterkt, så det er fint at ein no revurderer korleis mat unødvendig vert pakka inn.

– Bra med debatt

Den siste tida har interessa for dette eksplodert, seier Gule, godt fornøgd med at heklenetta har medverka til at folk har stoppa opp og uttrykt interesse for å kutte i eigne plastbrukvanar.

– Det er flott at vi no får meir debatt og bevisstheit rundt dette, seier Gule.

Ganske lett å lage sjølv, å hekle ein pose er gjort på eit par timar, seier Berna Gule. Foto: BJØRN BRUNVOLL