MOLDE: – Målet vårt er å ha så lite plast som muleg, men også så mykje som nødvendig, seier Trond-Erik Bekkevang, regionsjef i Kiwi Møre og Romsdal.

Kiwi gikk nyleg ut og kunngjorde at kjeda skal fjerne 200 tonn plast frå frukt- og grøntavdelinga før utgangen av 2020.

Meir papp

– Plasttemaet engasjerer, også i Romsdal. Mange kundar har etterspurt papirposar, og mindre plast i frukt- og grøntavdelinga. Vi bytter no framover ut ein del plast med papp, eller andre meir miljøvennlege alternativ. Til dømes får jordbær pappkorger, og avokado pappskåler. Snart kjem det også handleposar i papir i alle Kiwi-butikkar, seier Bekkevang.

Plast kontra matsvinn

Han poengterer at plast likevel vil vere viktig, for å bevare kvalitet og holdbarhet.

– Vi er veldig opptatt av at tiltak ikkje må føre til meir matsvinn. Vi har mål om å halvere eige matsvinn før 2025, og vi er på god veg. Frå 2015 til 2017 har vi redusert svinnet med 30,8 %. Vi kuttar derfor ikkje plast der vi ser det vil gi meir matsvinn, for matsvinn er ei større miljøutfordring enn plast. Til dømes ser vi at gulrøter i lausvekt gir stor auke i svinn, dermed beheld vi plastemballasjen der. Men plastemballasjen skal optimaliserast, mellom anna med meir resirkulert plast, seier Bakkevang.