(Sunnmørsposten): 300–500 personar er venta til Bygdepride i Ørsta og Volda i mai. Det opplyser Anbjørn Steinholm Frislid i arrangementskomiteen. Programmet går over fleire dagar, og inkluderer også parade og folkefest i Volda.

Motdemonstrasjon

Som eit motsvar vil pastor Hans Reite i Nytt Livs senter i Ørsta ha ein demonstrasjon allereie no på laurdag.

– Vi har reagert at det skal vere pride-dagar i mai. Vi vil ha ein motdemonstrasjon, seier Reite.

– Kor mange trur du kjem?

– Det er vanskeleg å seie kor mange som deltar, vi håper på 50 eller meir, seier Reite. Han nemner fleire kommunar på søre og indre Sunnmøre der han ventar folk frå.

– Spesielt i den eldre garde er det mange som er veldig bekymra over utviklinga. Landet er på gal veg. Vi må tilbake til det dette landet er bygt på i tusen år, seier Reite.

Unge i Pride

I motsetning til dette, er det flest unge som har meldt seg på til Bygdepride, seier Steinholm Frislid.

– Så langt har 33 lag og organisasjonar meldt seg på paraden, elevråd, ungdomsparti, russebilar, ulike studentgrupper, dei fleste frå Ørsta og Volda, opplyser han til Sunnmørsposten.

Også kulturminister Trine Skei Grande har sagt at ho kjem til Bygdepride-paraden.

Motdemonstrasjon i fleire byar

Pastor Hans Reite opplyser at dei har brukt fleire tusen kroner på banner, og at dei vil bruke parolane fleire gonger.

– Vi håper på marsj også i Ålesund og Molde, fortel han.

Arrangøren av Bygdepride har som formål å synleggjere lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar (LHBT). Reite reagerer sterkt på at dei har regnbogeflagget som symbol.

– Regnbogen er eigentleg eit symbol på nåde. Det er heilt feil at dei skal bruke det symbolet, seier Reite til Sunnmørsposten.

– Kva tenker du om at det spesielt er i den eldre garde at mange er bekymra over utviklinga?

– Dei unge forstår ikkje kva som er rett. Dei burde høyre på oss som er dei grå hår. Vi er på veg til eit samfunn som vi ikkje kjenner igjen, svarer Hans Reite.

Då Bygdepride vart merksam på motdemonstrasjonen, skreiv dei dette på si Facebook-side: «Ørsta/Volda Pride arrangerer Bygdepride fordi vi er for noko. Vi er for mangfald, toleranse og kjærleik for alle. Det verkar som om Hans Reite sitt arrangement skal vere imot noko. Han må sjølvsagt ha rett til å arrangere det han vil, og vi håper han får til eit fint arrangement.»

Denne saka ble først publisert på smp.no