Aukra: Då Kari Anne Ruud og ektemannen Eivind Rød flytta til Gossen for seks år sidan og tok over barndomsheimen til hans på Rød på Gossen, så arva dei også ein gammal hage.

– Vi har pussa opp huset, men hagen treng framleis mykje arbeid. Vi har fått opp eit midlertidig drivhus og eg har planta litt frø og rydda litt. Eg stortrives med hagearbeid, men ser at eg veit for lite om kva planter som trivast i lag, kva planter som trivst på ei øy og kva som er lurt å ha i hagen som ikkje rådyr og hjort likar like godt som eg. Og eg vil gjerne lære meir om korleis vi kan bekjempe brunsneglen, fortel Kari Anne Ruud, som no vil starte hagelag.

Nedlagt

Gossen har tidlegare hatt eit oppegåande hagelag, men det er så lenge sidan at få av medlemmene kan nåast lenger. Difor har ho alliert seg med ekspertane på den lokale blomsterforretninga, Aukra Blomster. – Dei vil gjerne bidra med den kunnskapen dei har, og det er jo eit flott utgangspunkt når ein vil starte opp att med hagelag. Og ikkje minst så vil vi gjerne ha med medlemmer frå det tidlegare hagelaget. Det hadde vore veldig kjekt! meiner Ruud.

Som aktiv innan flyktningearbeidet, ser ho at mange av dei nye landsmennene som har flytta til øya, har mykje kunnskap.

– Dette er ein fin måte til å få med innflyttarar på noko dei er interessert i og kan mykje om, slik at dei kan dele interessa med andre. I tillegg veit eg at mange frå øya ønsker å lære meir om planter og vekstar. Å danne eit hagelag er ein fin måte å lære saman på, meiner ho.

Startar med foredrag

På torsdag kjem Maria Berg Hestad til Gossen og Aukra Folkebibliotek med foredraget «Lag din egen jord – dyrk din egen mat». Dette blir samtidig ei anledning for den som vil til å bli med i det nye hagelaget.

– Vi har fått til eit flott samarbeid med biblioteket og Aukra Blomster, så no håper vi mange vil komme og teikne seg som medlem i hagelaget. Dersom denne kvelden ikkje passar, så kan ein stikke innom Aukra Blomster eller ta kontakt med meg, oppmodar Kari Anne Ruud.

Foredraget «Lag egen jord – dyrk din egen mat» kan ein få med seg på Aukra folkebibliotek førstkomande torsdag kl 18.30.