Det betyr at fylkeskommunen sine samla utgifter for året er større enn dei samla inntektene.

– Fylkeskommunen brukte i 2017 meir enn vi fekk inn i inntekter, og på sikt er ikkje dette berekraftig, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

– Vi bør ha ei målsetting om eit positivt netto driftsresultat, for å bygge opp reservar eller til investeringar. Dei siste åra har Møre og Romsdal fylkeskommune hatt eit netto driftsresultat som har lege godt under landsgjennomsnittet for fylkeskommunane, seier Guttelvik.

Vidaregåande opplæring framleis det største tenesteområdet

Totale netto driftsutgifter for Møre og Romsdal fylkeskommune var i 2017 på 3 810 mill. kroner. Det største tenesteområde er vidaregåande opplæring med netto driftsutgifter på 1 747 mill. kroner i 2017. Samferdsel er den nest største sektoren, og hadde i 2017 er netto driftsutgifter på 1 519 mill. kroner. Desse sektorane står til saman for 86 prosent av fylkeskommunen si drift.

God økonomistyring og omstilling

I 2017 vart det investert for i underkant av 713 mill. kroner, og dermed  auka lånegjelda med 336 mill. kroner siste året. Samla lånegjeld er no på 4,713 mrd. Kroner, og lånegjelda vil halde fram med å auke.– Fylkeskommunen har ein krevjande økonomisk situasjon. Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt eit høgt investeringsnivå over fleire år, som har ført til høg lånegjeld, aukande lånekostnader og press på drifta år for år. Det gjer at det må prioriterast grundig i aktivitetar og tenestetilbod dei komande åra. God økonomistyring må derfor ha høg prioritet, men dette vil truleg ikkje vere nok i åra som kjem. Vi set derfor no i gang eit omstillings- og organisasjonsutviklingsprosjekt med mellom anna formål å skape økonomisk handlingsrom dei komande åra, seier Guttelvik.