Torsdag vedtok kommunestyret i Nesset å sende Bergmesteren Raudsands reguleringsplan for deponi ut på offentleg høyring.

Same dag møtte ein delegasjon lokale deponi-motstandarar klima- og miljøvernmin- isteren i Oslo.

– Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen, kva er ditt inntrykk etter møtet?

– Eg fekk kunnskap om planane på Raudsand sett frå deira synsvinkel, det var altså ei orientering. Frå departementets side er det ikkje snakk om å involvere seg i den lokale prosessen no, det er Nesset som planmyndighet som styrer dette, seier Elvestuen. Og kan opplyse at han har vore på Raudsand; ikkje på befarig som minister, men som Venstre-politikar.

– I Nesset er det delt syn på ei muleg etablering av deponi, har du også kontakt med ordførar og dei som er for?

– Nei. Eg har hatt møte med dei som tek kontakt direkte hit.

Møtte Porsgrunn-delegasjon

Sist veke møtte Elvestuen ein delegasjon frå Porsgrunn kommune, som heller ikkje ønskjer deponi. Ordførar Kåss kommenterte i Porsgrunns Dagblad etterpå at: «Jeg fikk inntrykk av at statsråden seriøst vil vurdere om prosessen skal stanses».

– Vil du stoppe prosessen i Brevik?

– Det er snakk om heilt ulike prosessar i Nesset og Porsgrunn. I Nesset går det i vanleg planprosess, medan Porsgrunn har sagt nei, og dermed er det departementet som no har planprogram ute på høyring. Så det ligg hos meg, ja – eg skal avgjere om saka skal takast vidare med konsekvensutgreiing. Men det vil eg jo ikkje svare på no.

– Når får vi svar på det?

– Når det er bestemt. Vi bestemmer oss når vi er klar til å ta ei avgjerd på det.

Peikar på Nesset?

Under valkamp i Brevik-området i fjor sa Elvestuen at Venstre ikkje ville tillate at staten overkøyrer eit lokaldemokratisk vedtak i Porsgrunn bystyre om deponi.

– Står dette ved lag?

– Eg sa vel også «om det finst alternativ», og meinte den gang at i så fall var det ingen grunn til å overkøyre kommunen. Der vi er no, har vi altså to ulike prosessar på gang, i Nesset og i Brevik. Det blir Miljødirektoratet som eventuelt kjem med innspel i høyringsrunden om dei meiner det er aktuelt.

– Så med to alternativ, peikar du da på Nesset?

– Svaret blir som på forrige spørsmål.

– Kva betydning har lokalt engasjement i ei slik sak?

– Det har stor betydning inn mot avgjerda lokalt, i høve til kva avgjerd kommunen tek. Men i Nesset har altså ikkje departementet noko rolle.

– Deponi i Nesset vil innebere transport av farleg avfall langs kysten, har du synspunkt på det?

– Nei. Dette er ei sak som går i Nesset, den formelle saksgangen er at kommunen handterer dette, eventuelt vurderer Miljødirektoratet å komme med svar i høyringa.

– Deponiet blir nasjonalt, burde staten ha ei større rolle mellom anna i utgreiingsarbeidet i forkant?

– Systemet er slik at dette ikkje er statens oppgåve, så lenge industrien sjølv finn løysingar for behandlinga av sitt farlege avfall. Når dette ikkje skjer, som i Brevik, så kan staten ta den rolla. Dette kan staten gjere for å ivareta nasjonale omsyn.

– Korleis påverkar ny teknologi behovet for deponi for farleg avfall – gjer det deponi overflødig?

– Vi må uansett ha deponi. Men vi arbeider alltid for å sjå på om det er muleg å redusere avfallsmengde, og å handtere det betre. Vi følger spesielt opp det med flygeaske, det er eit eige punkt i avfallsmeldinga.

– Så "teknologisporet" vil ikkje kunne løyse problema?

– Det er ikkje eit spor vi er inne på i denne prosessen.

– Kva vert di rolle i saka no?

– Eg har ingen rolle når det gjeld saka i Nesset, og tenker ikkje å blande meg inn i den.

– Om det vert nei til deponi både i Brevik og Nesset, kva da?

– Da er det ein annan situasjon. Det får vi vurdere om det vert situasjonen.

– Har du gjort deg opp ei meining allereie?

– Nei!

Møtte ministeren: Rbnett 22. mars. Foto: privat