I torsdagens kommunestyre var det ei rekke sluttrapportar på sakskartet – mange av dei handla om prosjekt som låg fleire år tilbake i tid.

Gamle prosjekt

Rådmann Anne Grete Klokset gikk på talarstolen og forklarte at dette var rapportar som skulle vore til revisjon og klarert for lengst; det gjeld 10 prosjekt frå perioden 2011 – 2016.

– Berre å legge seg flat

Rådmannen sa seg lei for at administrasjonen ikkje har hatt gode nok rutinar for å få dette unna.

– Det er berre å legge seg flat. Eg beklagar, vi er i gang med å skjerpe rutinane, og ser at det begynner å hjelpe, sa Klokset.

– Har overlevd fleire rådmenn

Mellvin Steinsvoll (Ap) kommenterte at det i nokre tilfelle handla om saker som er 6–7 år gamle.

– Så dette har slik sett overlevd fleire rådmenn. Det er bra at rådmannen no tek tak i dette, sa Steinsvoll.

Overskriding

Jan Rindli (Sp) kommenterte at ein ting som gikk igjen i dei mange forseinka rapportane, var at prosjekta hadde blitt dyrare enn planlagt.

– Det er overskridingar på alle. Det er i utgangspunktet satsa på eit lite beløp, så har det kome tilleggsløyving etter tilleggsløyving. Planlegginga har vore for dårleg, sa Rindli.

Byggekomite

Arild Svensli (H) tok til orde for byggekomitear for å følgje opp prosjekt.

– Eg vil gjere meg til talsmann for å ha byggekomite ved utbyggingar. Det set ein anna standard når politikarar er inne og har ansvar, sa Svendsli.