Ein av Ona-innbyggarane som har kjempa for grensejustering til Aukra, Oddgeir Viken, har følgande kommentar etter fylkesmannens pressekonferanse i Ålesund fredag:

– Ein skal ikkje ta noko for gitt, men det skal vel mykje til at dei kjem til ein heilt anna konklusjon, seier Viken.

– Eg er overtydd om at dette vil vere det beste for oss, seier Viken. Han hadde teke turen til Ålesund for å oververe Fylkesmannens pressekonferanse.

– Vi måtte jo få med oss dette siste også, etter prosessen som har pågått, seier Viken.