Motsetningane i saka om deponi for farleg avfall på Raudsand kom raskt til overflata i Nesset kommunestyre torsdag. Kommunestyret behandla da «Offentleg ettersyn – reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand».

– Folkehelse meir i fokus

Svein A. Roset (KrF) tok ordet først:

Arild Svensli (H) gikk da på talerstolen og kom med følgjande salve:

– Det er sjeden at eg går imot forslag om gruppemøte. Men eg kan ikkje gå på gruppemøte med ein mann som stått på framsida av avisa Driva og peika ut at her blir det ikkje noko deponianlegg. Det gruppemøtet blir uten meg, erklærte Svensli.

– Mykje kjensler

I debatten var også Toril Melheim Strand (Ap) og Eva Solstad Alme (H) framme og uttrykte støtte til rådmannens tilråding.

– Saka har skapt stort engasjement, og er godt utgreidd. Debatten er likevel prega av mykje kjensler, særleg på sosiale media, sa Solstad Alme.

– Ei stor og viktig og vanskeleg sak, som det er mange meiningar om. Her er også mykje synsing, og samanblandingar, det gjeld å halde tunga beint i munn. Men sjølvsagt må vi sende saka på høyring, så får vi konkludere til hausten, sa Melheim Strand.

Rådmannens forslag vedtatt

Rådmann Anne Grete Klokset forklarte at hennar tanke var at folkehelseaspektet ville komme sterkare inn i neste runde i prosessen, altså når høyringssvar ligg føre og saka skal endeleg vurderast.

Dermed blir reguleringsplanen sendt ut høyring, i tråd med rådmannens framlegg.

Ordførar Rolf Jonas Hurlen, Svein Atle Roset og representantar for Høgre og KrF i debatt om folkehelse burde inn i vedtaket. Arild Svensli ville ikkje delta på møte med Roset. Foto: ANITA VINGEN