Frå starten i dei nye lokala i 2005 har omsettinga auka med vel 50 prosent frå 13 til om lag 20 millionar kroner.

Derfor var butikksjef Frode Brunvoll svært stolt og glad når han på nytt inviterte sine kundar inn i den totalrenoverte butikken, som i tillegg har fått 170 nye kvadratmeter.

Ny miljøvenleg butikk

Til reopninga vart det sjølvsagt kaker, kaffi, brus og ballongar og andre gode tilbod.

I 2005 vart Bunnpris flytta frå dei gamle lokala til Olav Skotheim & Sønn på Steinshamn og inn i ei heilt ny samlokalisering med Sparebanken Møre. Bygninga var på 700 kvadratmeter, men som no er utvida med ytterlegare 170 kvadratmeter. Hovudentreprenør for utvidinga har vore Angvik Byggkompani AS.

Takka kundane og Bunnpris

Under opningstalen takka butikksjefen kundane og sine tilsette for tolmodet under anleggsarbeidet.

– No har vi fått ein heilt ny og romslegare arbeidsplass til glede for oss og kundane, sa Frode Brunvoll og takka Bunnpris Møre for deira satsing på Harøya.

– Det er ikkje få millionar som har gått med til denne utvidinga og ansiktsløftinga av butikken, fortalde han.

Meir miljøvennleg

Distriktssjef for Bunnpris Møre, Per Jostein Orten, fortalde at alle kjøle- og frysediskar er skifta ut og erstatta med nye miljøvenlege CO2-anlegg for kjøleskap, kjølediskar og frysarar. I tillegg er alle reolar og anna utstyr skifta ut. Prisinga av varene er elektronisert og faktisk klargjort med QR-koding for handling via mobilen.

Varespekteret er tilpassa området butikken er i og er på 3500 artiklar. I tillegg kjem nonfood-varer som strikkegarn, kjøkkenutstyr, fiskeutstyr og leikeavdeling.

Både Per Jostein Orten og Per Brathaug som har ansvaret for bygg- og inventar konstaterte at Bunnpris Harøy er ein splitter ny 2018-butikkmodell som skal vere godt tilpassa framtida.

Bunnpris på Harøya har sjutilsette som deler på fire årsverk.