Vestnes kommunestyre har med knappast mogleg fleirtal (12–11) gått inn for at nyvegen frå Digerneset til Vik bør leggast i tunnel over Svartløken og veg gjennom Tomrefjord.

Reaksjonar

Dette har skapt reaksjonar, ikkje minst i Tomrefjord. Geir Tony Tomren er styremedlem i skigruppa i Tomrefjord idrettslag.

– Eg har snakka med mange som synest vedtaket i Vestnes kommunestyre er uheldig og ikkje vil ha nyvegen over Svartløken og gjennom Tomrefjord. Dette er bakgrunnen for at vi bestemte oss for å kalle inn til bygdemøte om saka på kort varsel for å høyre kva folk verkeleg meiner, seier Geir Tony Tomren til Romsdals Budstikke.

Då møtet opna var det stappfullt av folk. Politikarar frå både fleirtalet og mindretalet i kommunestyret i denne saka var invitert, men ingen frå fleirtalsgruppa stilte.

I tillegg til lokale politikarar stilte også fylkespolitikar Frank Sve. Han kom rett frå møte i fylkesutvalet, som med 12 mot ei stemme går inn for Ørskogfjellet (Alternativ 2B). Det har også kommunane på Sunnmøre og Romsdal gått for, med unntak av nettopp Vestnes.

– Uforståeleg

– Vi er positive til Møreaksen og dei ringverknadene den vil gi. Om ein går for K2 eller K3 har ikkje dette noko å seie for utvikling av næringsarealet på Vik. Det som skaper uro, er kor stor del av vegen frå Tomra til Vik som blir lagt i tunnel dersom ein går for K3. Miljømessig er dessutan alternativet med Ørskogfjellet langt betre enn å lage ny veg over friluftsområdet Svartløken, sa Anne Marie Fiksdal (Frp)

På møtet var det ingen som tok til orde for at vegen bør leggast over Svartløken. Tvert imot, mot slutten av møtet vart det laga ein protokoll med 70 underskrifter med nei til K3 og ja til at nyvegen bør gå over Ørskogfjellet med tunnel frå Fremstedal til Vik.

– Eg er imponert over kor mange som kom på møtet på så kort varsel. Fleire har takka for initiativet, seier Geir Tony Tomren. Tomrefjord idrettslag, Frostad helselag og aktivitetsstyret ved Tomrefjord idrettsbygg stod bak arrangementet.

FORSTÅR IKKJE VESTNES KOMMUNESTYRE: Frank Sve synest det er uforståeleg at Vestnes kommunestyre har gått inn for K3 over Svartløken og veg gjennom Tomrefjord. Foto: Olav Skjegstad
ENGASJEMENT:Geir Tony Tomren leia møtet, som konkluderte med eit samla nei til alternativ K3 over Svartløken til Tomrefjord. Foto: Olav Skjegstad