I dag måndag får fylkesutvalet på bordet ei sak om alle grensejusteringane i fylket: Gjemnes og Sandøy, Norddal, Ørsta og Stranda.

Fylkesutvalet skal ikkje avgjere noko i saka, men gje ein uttale til den utgreiinga Fylkesmannen er beden om å gjere for kommunaldepartementet.

I saka har administrasjonen sett på kva for følgjer dei ulike grensejusteringane kan få for dei tenestene fylket har ansvar for: utdanning, tannhelse, samferdsel og kultur.

Svaret er at tre av dei fem justeringane, inkludert Sandøy, gjeld ein så liten del av innbyggarane at det nesten ikkje får nokon følger.

Men for Gjemnes - og Norddal - gjeld søknadane om grensejustering så stor del av innbyggarane at saka stiller seg annleis. I Gjemnes gjeld den kvar fjerde innbyggar, i Norddal opp mot kvar tredje.

– Gjer framtida for Gjemnes usikker

I saksframlegget står dette:

– Søknadane for Gjemnes og Norddal er av ein slikt omfang at det kan få verknader for «restkommunen». Særleg Gjemnes kommune har gitt uttrykk for at ei eventuell overflytting av Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye/Heggem til Molde gjer framtida for resten av Gjemnes som eigen kommune usikker, står det i sakspapira som er underskrivne av fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og fylkesplansjef Ole Helge Haugen.

Det står vidare at «Fylkesrådmannen har ikkje grunnlag for å vurdere realitetane i dette, og meiner det er nødvendig å bruke noko meir tid og ressursar for å utgreie dette.»

Peiker på innbyggarhøyring

– Prinsippet om at alle som vert påverka av ei avgjerd, bør få uttale seg, bør føljast i slike saker, står det i framlegget. Og:

– Dette kan til dømes gjerast ved at innbyggarane i heile kommunen vert omfatta av ein innbyggarhøyring. Det bør før ei slik høyring avklarast kva alternativ som er moglege utfall, skrive dei.

– Kommunestyret bør vege tungt

Guttelvik meiner kommunestyret i Gjemnes må høyrast i spørsmålet om grensejusteringa «indre Gjemnes til Molde»:

– Det er fylkesrådmannen si vurdering at i tilfelle der grensejusteringa har / kan ha verknader utover det området det vert søkt for, må kommunestyret si uttale i saka vege tungt. Dette krev at kommunestyret har tilgang til resultata frå innbyggarhøyringa brote ned på krets / grend i ein slik grad at ein kan danne seg eit bilde av haldningane i alle deler av kommunen.

Fylkesrådmannen vurderer det slik at «særleg grensejusteringa i Gjemnes kommune har potensiale til å gje regionale verknader ved at «balansen» mellom bykommunane kan vert endra. Saka, slik den no ligg føre, er ikkje tilstrekkeleg utgreia til å ta stilling til moglege utfall av denne grensejusteringa.»

Rår til å utgreie vidare

Saka munnar ut i eit forslag til vedtak, der «vedtak» altså betyr kva for uttale fylkesutvalet skal gje i Fylkesmannen si høyring om saka:

1. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal ser ikkje at grensejusteringane fylkesmannen har til behandling, med mogleg unntak for Gjemnes, har regionale verknader av eit slikt omfang at det er naturleg for fylkeskommunen å gje uttale i den enkelte sak.

2. Fylkesutvalet meiner at grensejusteringar med potensielt store verknader for «restkommunen» og regionen bør få eit breiare beslutningsgrunnlag enn mindre justeringar. Her bør innbyggarane i heile kommunen høyrast og kommunestyret si uttale må leggast stor vekt på i den vidare behandlinga.

3. Fylkesutvalet for sin del meiner det trengs ytterlegare utgreiingar knytt til grensejusteringa i Gjemnes. Her er det frå kommunen si side gitt uttrykk for at ei eventuell overflytting av Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye/Heggem til Molde gjer framtida for resten av Gjemnes som eigen kommune usikker.

PS: Møtet i fylkesutvalet startar kl. 10.30. Saka om grensejustering er den siste av 11 på sakskartet.