Rådmann Ketil Ugelvik kunne nyleg svært fornøgd orientere politikarane om kommunens fråværsrapport for 2017. Det endelege talet for samla sjukefråvær vart på 4,1 prosent.

– Kjempebra, ikkje mange kan trumfe den, sa rådmannen.

Skil seg ut

Tal Romsdals Budstikke har innhenta frå kommunane i vårt område, viser at Midsund skil seg ut med lågt fråvær – saman med Gjemnes. (sjå tabell)

Feira

– Vi har feira med kake. Og med utveksling av tankar om korleis vi kan vidareføre dette, seier einingsleiar for helse- og omsorgstenesta i Midsund, Leif Arne Lagesen til Romsdals Budstikke.

Helse- og sosial kom ut med enda lågare tal enn kommunesnittet; sjukeheimen med 4 prosent, og heimesjukepleien med 2,5 prosent.

– Fantastisk gjeng

– Det er nesten litt utruleg! Og litt imponerande, vi har det jo veldig travelt. Belastninga er stor, men likevel er fråværet veldig lågt, seier Hanna Linn Rakvåg, fagleiar i heimesjukepleien i Midsund kommune.

Det er mellom 15 og 20 tilsette i denne eininga.

– Det er ein fantastisk gjeng! Dei som jobbar i heimetenesta, fortel om veldig god trivsel, godt arbeidsmiljø, og godt forhold mellom kollegaer, seier Rakvåg.

– Med dette utgangspunktet, så er folk innstilt på å strekke seg, seier ho.

Nye lokale

Rakvåg poengterer også at heimetenesta har fått gode rammer rundt arbeidet, og at dette har mykje å bety.

– Vi fekk i fjor nye, fint oppussa lokale, det var eit kjempeløft. Vi har tidlegare slite med utrangert utstyr, og kjenner oss sett og verdsett med denne oppgraderinga. No kan vi ta rapportar og overlevering under gode forhold, og har også fått på plass langt betre rutinar som gjer at arbeidet glir betre, seier Rakvåg.

– Har satsa

– Korleis har ein oppnådd dette resultatet?

– Vi har jo satsa for å få det til, seier Lagesen. Han poengterer det gode arbeidsmiljøet, men også kompetansebygging, tilrettelegging, og kultur for å snakka saman for å finne gode løysingar.

Kompetanseheving

– For nokre år sidan søkte vi midlar til kompetanseheving, køyrde kurs, og såg umiddelbart resultat. At folk er trygge på jobben er veldig viktig, både med tanke på det fagleg, og med tanke å kunne stå i krevjande arbeidsdagar. Vi har også oppmuntra til vidareutdanning, og nyt godt av at tilsette satsar på det, seier Lagesen.

Tilrettelegging

Han vektlegg også at det gir resultat å satse på tilrettelegging.

– Til dømes vil ein gravid sjukepleiar kunne stå i jobb om ho slepp å delta i stell og tyngre oppgåver, der alternativet kanskje var sjukmelding utan tilrettelegging, seier Lagesen.

Open dør

– Og så er det viktig med dialog, og fokus på det positive. Vi har kort veg mellom, open dør, og ønske om at alle kjem fram med sine innspel, seier Lagesen.

Leif Arne Lagesen. Foto: ANITA VINGEN