Kommunen har engasjert konsulentfirmaet Norconsult til å lage eit konseptstudie om ny ungdomsskule, rapporten vart presentert på eit møte med 40 frammøtte på Vestnes torsdag kveld.

Den nye ungdomsskulen er dimensjonert for 250 elevar og 27 lærarar.

Sambruk

Norconsult presenterte tre ulike alternativ for formidlingssal i den nye skulen. Det rimelegaste har kantine og sceneområde for ungdomsskulen. Det andre alternativet opnar for sambruk mellom ungdomsskulen, barneskulen og kulturskulen, med amfi for 120 personar.

I det tredje og dyraste alternativet blir det tilrettelagt for separat scene og formidlingssal, som også kan brukast til utleige. Dette er kostnadsrekna til 142 millionar.

– Alt etter kva alternativ som blir valt, vil kommunen få årlege kapitalutgifter på frå 5,2 til 5,8 millionar kroner på nyskulen, då har vi lagt inn eit rentenivå på tre prosent, seier avdelingsleiar Endre Ljones i Norconsult til Romsdals Budstikke.

Oppgradering

I tillegg til investeringar i ny ungdomsskule kjem nødvendig oppgradering av Helland barneskule med ein kostnad på frå ni til 20 millionar kroner. Tomrefjord mistar ungdomsskulen, men også her er det behov for oppgradering, understreka Anne Marie Fiksdal.

Trafikkutfordringar

Den nye ungdomsskulen blir bygd like ved dagens Helland skule, og fleire i salen var opptatt av trafikken rundt skulen. Marianne Lied Sæther er medlem av FAU ved Helland skule, ho sa at planen frå Norconsult rundt trafikkavvikling var for dårleg.

Ordførar Geir Inge Lien svara at arbeidet med å finne gode trafikkløysingar blir viktig i det vidare arbeidet. For arbeidet med nye Vestnes ungdomsskule er enno i ein tidleg fase.

– Til møtet i kommunestyret den 15. februar vil eg legge fram eit forslag til vidare framdrift. Eg vil foreslå å nedsette eit ad hoc-utval vil då sjå på alt som har med den nye skulen å gjere. Det står att mykje arbeid. Målet vårt er at skulen skal stå ferdig i 2021, men det kan nok ta litt lengre tid, seier administrasjonssjef Tone Roaldsnes i ein kommentar.