RAUDSAND / NESSET: – På oppfordring frå direktoratet lagar vi no eit tilleggsdokument som blir lagt inn i KU, med utdjuping av korleis vi vil ta hand om det farlege avfallet, og ta det inn i ein gjenvinningsprosess, seier Harald Storvik i Bergmestren Raudsand AS.

Møte i departementet

Som kjent la Bergmesteren Raudsand som tiltakshavar i november fram konsekvensutgreiing, KU, i samband med at bedrifta ønsker å etablere nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand. Saman med sine samarbeidspartnarar hadde han nyleg møte med departementet og direktoratet der KU vart presentert.

Presenterte planar

I tillegg presenterte dei planar for korleis mykje av avfallet kan gjenvinnast, og plan for at det kan byggast eit stort gjenvinningsanlegg på Raudsand etter mønster frå Stenas testgjenvinningsanlegg i Brøndby ved København.

– Har de no ei ny vinkling på prosjektet?

– Bestillinga frå styresmaktene var plan for deponi for farleg avfall, og det har vi svart ut. Men vi har heile tida vore opptekne av gjenvinning; å legge avfall i deponi er gammaldags, det er langt betre å gjenvinne ressursane, seier Storvik.

– «Bombe»

Det er Geir Sørensen, seniorrådgivar i Stena Recycling, som utformar tilleggsinformasjon om gjenvinningsprosessen. Han opplyser at dei nye opplysningane skal leggast inn i KU av Norconsult i løpet av dei nærmaste dagane. Sørensen karakteriserer den nye teknologien som ei «bombe».

– I positiv forstand! Med Stenas patenterte «Halosep»-metode som no er under uttesting, kan restaska etter behandling i Danmark kategoriserast som ikkje farleg avfall, seier Sørensen. Han forklarer at med denne metoden kan ein ta ut 70 prosent av tungmetall, og nesten alt av salt, og gjenbruke desse komponentane.

– Er dette ferdig utprøvd teknologi?

– I Stenas testanlegg ser vi at dette fungerer i ein mindre målestokk. Det er svært lovande, vi legg til grunn at dette også fungerer i større målestokk, seier Sørensen.

Mindre deponibehov

Han poengterer at ein med denne teknologien kan vi ta ut store mengder tungmetall og salt for gjenbruk, og mykje av avfallet er da ikkje lenger farleg avfall, seier Sørensen.

– Da er det vel heller ikkje behov for deponi?

– Behovet er klart mindre enn det som er aktuelt på Langøya i dag. Det vil likevel vere fornuftig å legge ein del av restaska i deponi, sidan kvaliteten vil kunne variere, seier Sørensen.

Dyrare løysing

Storvik poengterer at fjellhall er dyrare enn deponi i dagen, men at det likevel kan vere ønskeleg for å ta vare på mindre avfallsstraumar, og fordi ein da kan ta avfall fram igjen om ny teknologi i framtida gjer det mogleg å gjenvinne enda meir.

– Kva type avfall er det no konkret snakk om?

– 90 prosent vil handle om flygeaske frå forbrenningsanlegg, og syreavfall, mellom anna syre frå Kronos, seier Sørensen.

– Og resten?

– Ulike salt, kjemikaliar og eventuelt anodeavfall frå aluminiumsindustri – dette siste vil kunne vere aktuelt å samarbeide med Hydro på Sunndalsøra om.

– Kva med radioaktivt avfall?

– Det er ikkje aktuelt. Fjellet her er eignar seg ikkje til det, seier Sørensen.

– Korleis vil gjenvinning påverke økonomien i prosjektet?

– Målet vårt er størst mogleg grad av gjenvinning, innan det som er økonomisk forsvarleg. Ingen kan konkurrere med eit hol i bakken, altså å deponere slik det vert gjort på Langøya, men når ein kan få ut mengder med verdfulle mineral, så vil det likevel vere økonomisk interessant. Vi estimerer å kunne ta ut sink for 60 millionar kroner i året, seier Storvik.

Kompetansesenter

Bergmesteren vil dessutan få etablert eit nasjonalt kompetansesenter for sirkulær næring (næring basert på gjenvinning, red.anm)

Storvik viser til at no vert satsa på gjenvinning av avfall i stor skala internasjonalt, og at dette også er svært aktuelt i samband med norske styresmakter fokuserer på gjenvinning og sirkulær økonomi.

– Her trur vi det vil vere aktuelt at det offentlege vil bidra. EU har satsa mykje på forsking og utvikling på dette feltet, og no er også lokale aktørar interesserte, seier Storvik.

– Kva aktørar er det?

– Næringsforuma er engasjert, samt nokre bedrifter som vi ikkje namngir enno, seier Storvik.

Sørensen opplyser at Stena støttar planane om eit slikt senter, og vurderer å delta ved etablering.

Harald Storvik
FOR STENA RECYCLING: Geir Sørensen.