Det meiner stortingsrepresentant Jenny Klinge, som onsdag stilte skriftleg spørsmål til kunnskapsministeren om saka. (Sjå spørsmålet nederst i saka.)

TA POLL HER: Bør elevane starte seinare på skolen? Ja, eg trur livet og skoleresultata ville bli betre da. Nei, ungdommen må lære å stå opp om morgonen. Veit ikkje. Du må velge et alternativ Din stemme blir nå behandlet... Bør elevane starte seinare på skolen? Ja, eg trur livet og skoleresultata ville bli betre da. �% Nei, ungdommen må lære å stå opp om morgonen. �% Veit ikkje. �% Du har allerede stemt 0 stemmer

Ho viser til Aftenposten si sak om forsking i USA med positive resultat for ungdom som startar skolen seinare. Denne saka på Forskning.no går i same retning.

– Om ein skyv skolestart – vil ikkje det berre gjere at elevane legg seg ein time seinare?

– Det er ein fare for det. Men dette har med døgnrytmen vår å gjere. Dei fleste har ein topp om dagen, og den djupaste søvnen i 4-tida om natta. Men for B-menneske kan den djupaste søvnen vere i 6–7 -tida om morgonen, uansett om ein legg seg kl 24 eller 01. Og ungdomstida er ein periode der mange er meir B-menneske. Poenget er at ungdom ikkje skal tvingast til å stå opp når det er aller mest smertefullt, seier ho.

– Med seinare skolestart, er det god grunn til å tro at elevane får meir søvn. Sovnar ein i tolvtida, er det stor forskjell på å måtte stå opp klokka 7 i høve til 8.

Viktig for resten av livet

Klinge, som sjølv er B-menneske, meiner det er rart at vi har eit system der unge må stå opp så tidleg at mange får mindre utbytte av undervisninga.

Ho viser til eit forsøk i Bodø, der tre skolar av 20 prøvde seinare skolestart, både vgs. og ungdomsskolar, med gode resultat.

Klinge har særleg peika på skolestart ved vidaregåande, sidan mange elevar der har lenger reiseveg enn dei hadde til ungdomsskolen.

– Men eg meiner at verken ungdomsskolen eller vidaregåande bør starte før kl. 09. Resultatet på skolen er viktig for resten av livet.

Tar frustrasjonar på alvor

– Korfor engasjerer du deg i denne saka?

– Eg har vore engasjert i tema rundt klokke og tidspunkt lenge. Eg meiner for eksempel at det er noko stort tull å stille klokka to gonger i året.

– Meir generelt vil eg engasjere meg i saker der vi politikarar i praksis gjer det vanskelegare for folk å fungere i kvardagen.

Ho har sjølve in son på vidaregåande. – Eg høyrer det han og andre seier. Det er viktig for oss politikarar å legge merke til kva som er frustrasjonane blant folk.

«Må lære å stå opp»

Klinge høyrer fleire seie at «ungdommen må lære seg å stå opp om morgonen».

– Men dei lærer jo å stå opp også om dei gjer det ein time seinare.

– Trur du det er muleg å få til endringar i denne saka?

– Eg er redd det ikkje går an å få gjort noko med det. Men vaksne som er B-menneske, bør solidarisere seg med ungdommane. Ein må bruke praktisk vett i ei slik sak. Kanskje seinare skolestart også vil gi mindre fråfall på skolen.

Viss det kjem praktiske innvendingar, meiner Klinge omsynet til ungdommane er viktigast: – Det må gå an å finne løysingar. Om lærarane absolutt vil stå opp tidleg, kan dei jo komme ein time før.

Ho kjem med eit hjartesukk til slutt, om enn følgt av ein liten latter:

– Ulempa med A-menneske er at dei står tidleg opp og gjer vedtak som rammar oss B-menneske.

Her er spørsmålet til kunnskapsministeren

«Vil kunnskapsministeren sjå på moglegheitene for å utvide forsøka med seinare skulestart til fleire skular, eventuelt gå inn for å gi føringar for når tidspunkt for skulestart tidlegast bør vera på morgonane på alle skular i landet?

Grunngiving:

Det er velkjent at tenåringar jamt over er endå meir B-menneske enn vaksne. Tidleg skulestart vil derfor vera eit problem for mange ungdommar. Dette er ein periode av livet der desse skal prøve å få eit best mogleg grunnlag både i form av kunnskapar og karakterar for å koma inn på vidare studiar og seinare få plass i arbeidslivet. Forsking frå USA viser at seinare skulestart gir sunnare og flinkare elevar som også er mindre plaga med depresjonar enn andre med skulestart tidlegare om morgonen. Også eit forsøk på fleire skular i Bodø har gode resultat, men den viktigaste grunnen ligg vel i forskinga på døgnrytmen til ungdom, som tilseier at for tidleg skulestart er negativt for veldig mange ungdommar.

Det er eit viktig moment at mange elevar også har lang veg til skulen, noko som gjer at somme må stå opp før kl 06.30 for å nå fram til skulen i tide. Det er ingen tvil om at somme fylkeskommunar burde endre skyssordninga for elevane slik at mange blir spart for unødvendig lang reiseveg til skulen (grunna omkøyringar for å hente andre elevar). Skulestarttidspunktet i seg sjølv er likevel eit sjølvstendig tema som eg ønskjer at kunnskapsministeren skal orientere om tankane sine om, og då tenkjer eg både på grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det aktuelle tidspunktet for skulestart burde vera om tidlegast om lag kl 09, ser eg for meg. Ein del ungdomsskular startar i ni-tida allereie, medan det verkar som om dei fleste vidaregåande skular startar i åtte-tida.

Somme meiner at «ungdommen må lære seg å stå opp» akkurat når samfunnet krev det av dei. Det er ikkje det denne saka handlar om, ho handlar om at samfunnet bør lære seg å tilpasse skulestart for ungdommane til når det er helsemessig og resultatmessig fornuftig. I arbeidslivet er det innført fleksitid mange stader, då vil A- og B-menneske lettare kunne starte dagen når det er best for dei. Dette er vanskelegare på ein skule, men tidspunkt for skulestart er mogleg å justere til det beste for dei som går på skulen og som skal lære mest mogleg av å gå der.»

Kva meiner du? Skriv gjerne ditt syn på saka i kommentarfeltet under, helst også med alderen din: